Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Vellukka møte om småkraftverk i Kjølsdalen

Av Jan Eide

Rune Nydal
Vel 20 interesserte møtte fram til kraftverkmøte i Kjølsdalen. Rune Nydal som er godt orientert innan denne bransjen gav tilhøyrarane det dei ville ha: Informasjon om korleis starte opp, saksgang, korleis kalkulere sjølv, sende melding etc. Sparebanken Vest v/ Kårstad spelte på lag med Nydal og orienterte om lånemogelegheiter. Kristian Årdal kunne fortelje om den erfaringa dei har hatt med sitt kraftverk i Årdal på Reksnes. Konklusjon må vere: Bygg ut og la det skje lokalt, ikkje la utanforståande ta fortenesta. Dette er lokalt utviklingsarbeid og til nytte for grunneigarar med fallrettigheiter. Utsiktene er gode for rein energi og lønsomheita vil stige.

Gå til nyhendearkiv