Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Utbygging av Kjølsdalselva

jølet © Jan Eide
Etter vasskraftmøtet på torsdag er no folk i gang med planer om utbyggjing. Det er viktig at dei ulike partar no samarbeider for å få ned kostnadane. Etterkvart må ein sende melding til NVE. Største fortenesta er truleg at dei som har fallrettigheiter slepp linjeleige for straum som dei tek ut til seg sjølv. Modellen kan bli slik: 1. Alle som har fallhøgd i elva skipar eit eige selskap som deretter er knytt opp mot eit 2. A/S som betalar ut inntekter til fall-selskapet og står for lån og ansvar for drifta. Her bør det vere mogelegheit for investorar til å vere med. No tek det til å bli spanande...

På biletet som er frå "Elljesdammen" der det gamle kraftverket stod ser vi til høgre murane på renna som er stort sett det einaste som er att. Kunne det vere ein tanke å restaurere det gamle kraftverket?. Generatoren skal visst nok stå i løa til Maria Humborstad.

Gå til nyhendearkiv