Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Sanitetsforening - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmelding for Kjølsdalen Sanityetsforening 2007

Av Oddrun Erviksæter

Årsmøte for Kjølsdalen Sanitetsforening vart halde i Kirsebæehagen 21. februar 2008.


ÅRSMELDING 2007
KJØLSDALEN SANITETSFORENING

Kjølsdalen Sanitetsforening har i 2007 hatt eit aktivt arbeidsår. Også i år har nærmiljøet vore det viktigaste arbeidsområdet og mottoet har vore å vise omtanke i nærmiljøet.
Sanitetsforeninga har hatt 5 styremøte og like mange medlemsmøter i tillegg nokre arbeidsmøter. Vi hadde 48 medlemar i 2007.

I styret har vore fylgjande:
Oddrun Erviksæter – leiar
Martha Hopland – nestleiar
Styremedlemar:Janne Midthjell,Mari Berstad Hageland , Jorun Breiteig.
Varamedlemar: Dianne Eikås, Kirsten Kjøllesdal og Astri Elvebakke.
Kasserar: Jorunn Breiteig

# På årsmøtet 2007 blei det bestemt å gå ned frå 5 til 3 styremedlemmar utanom leiar og nestleiar.

# Saniteten arrangerte basar på Mega veke 11, der vi fekk eit godt resultat.

# På landsmøte i september reiste Oddrun Erviksæter som ein av representantane for Sogn og Fjordane krins. Ho har dei to siste åra vore varmedlem i fylkesstyret.

# Kvinnehelsedagar for Nordfjord.
N.K.S.-krinsen v/kvinnehelsekomiteen arrangerte temakveld i Kjølsdalen samfunnshus 4.oktober. Tema: angst, sjølvmord og depresjon.
Kurshaldar: psykiater Petter Bugge.

# På styremøte 16.10.07. blei det val av 3 personar til beredskapskomiteen. Bjørg Erviksæter, Martha Hopland og Liv Eikås. Desse er kontaktpersonar for Kjølsdalen i beredskapskomiteen i Eid kommune.

# I månadskifte april/mai arrangerte saniteten busstur til Paris med 44 deltakarar. Turen var lagt opp av turnemda i samband med bussjåfør Inge Mykland, men bestilt gjennom Hansareiser v/ Dagfinn Krossen. Turen gjekk først til Oslo der vi var på Kontiki museumet før vi gjekk om bord i ferga Oslo- Kiel . Vidare gjekk turen til Køln der vi hadde ei overnatting og neste dag til Paris.Vi var heldige med veret, sol frå skyfri himmel, dette gjorde at vi fekk sjå veldig mykje som til dømes det praktfulle slottei i Versailes og Eifeltårnet. På heimveg reiste vi via Luxenburg og Moseldalen med overnatting i Trier og Gosler, so vidare til Kiel og ferga ti bake til Oslo og heimatt.

# Onsdagsturar i skog og mark -2007.
Kjølsdalen sanitetsforening har i 12 år arrangert onsdagsturar. Vi har lagt opp til mange ulike turar og prøvar å få til noke for alle aldersgrupper. .
Eit av høgdepunkta var turen til Luster med tur til Fanaråken (2068 m.o.h) og fjell/høgdegardane Fuglesteg og Skori.
Vi hadde og ein fin søndagstur til Ytre Fure, der vi blei godt imottekne og vi fekk fortalde histioria frå desse to nedlagde gardane på Stadlandet. Det blei arrangert i alt 19 turar.


# Utebod. Vi har tidlegare søkt Solfondet om pengar til bygging av utebod. Vi fekk tildelt kr. 13990,-
Boda blei bygd og beisa hausten 2007 . Tilbakemelding med bilder om at boda er bygd er sendt Solfondet.

# Eldrekomiteen har skipa til 2 Eldretreff i Kirsebærhagen. På desse treffa er det alltid opplesing, allsong, loddsal, og mykje god mat. I år vart julebordet halde i Samfunnshuset. Menyen var ribbe ,pølse , surkål og kålrotstappe. Etter middagen samlast alle i kjellarstova der det blei servert kaffe, kaker og utdeling av julepakkar . Egil Brobakke og Reidar Erviksæter spelte trekspel og gitar. Heidi Berstad kom og hadde med seg born med levande lys og lusiadrakter som sang julesangar for oss. Dette var dagens høgdepunkt..Vi hadde ein fin ettermiddag i lag.

# I sanitetens veke serverte vi lunsj på Kjølsdalen skule og Reksnes barnehage. Vi hadde grove rundstykker, sunt pålegg , frukt og grønsaker. Dette er eit svært populert tiltak som både lærarar,elevar og vi i saniteten gler oss til. Det er 15 år sidan vi starta opp og tiltaket er framleis like kjekt.

# Matmesse/Basar .var som vanleg siste laurdag i november. Til underhaldning var Vinfylla spelemannslag der å spelte. Ivrige damer hadde baka ca.900 lefser på dugnad i Kirsebærhagensom som vi selde + aniskringler, natronkaker og julekaker. I kjellaren var det sal av kjøttprodukt, eple , ost og søst.
På menyen var det betasuppe kaffe og kaker. Resultatet var godt sjølv om det ikkje var mykje folk.

# 1. desember hadde vi tenning av julegran ved Kirsebærhagen. Dette i samarbeid med Kjølsdalen skulemusikk.som hadde konsert, Joker spanderte marsipankake og Saniteten hadde ope hus med varm drikke,julebrød og kaker. Det var godt frammøte av bygdafolket så kanskje blir dette ein ny tradisjon.

# Av inntekter til drift av laget hadde vi medlemskontigent, sal av fastlavensris, maiblomster og ymse loddsal. Turen til Paris gjekk med overskudd. I 2007 overførte vi 30000,- til stiftinga Kirsebærhagen. Økonomien i laget er god.

# Til jul gav vi blomster til sjukehuset, eldretun og sjukeheimen. I tillegg har vi gitt blomster/gave til eldre medlemar i høve runde dagar, Barn og unge i Murmansk , vår lokale avis Tavla og Kjølsdalen 4H.

# Kjølsdalen sanitetsforening nyttar Kirsebærhagen til møtelokaler. Vi stiller opp med dugnadsinnsats i høve utleige av rom/leiligheter + anna forfallande arbeid.
I haust beisa vi Kirsebærhagen og den nye uteboda.

Kjølsdalen Sanitetsforening takkar alle som på ulike måtar har støtta oss i arbeidet i 2007.
og vi ynskjer sjølvsagt å få fleire medlemmer.

Helsing Kjølsdalen Sanitetsforening
Oddrun Erviksæter leiar

Gå til nyhendearkiv