Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Endring av voksenfilm 9. april og digital visning

Av Marius Aardal

Onsdag 9. april har det kome ei endring i filmprogrammet for Bygdekinoen i Kjølsdalen. Mannen som elsket Yngve vert bytta med filmen Varg Veum - Falne Engler.

Kjølsdalen Ungdomslag er stolt over å i samarbeid med Bygdekinoen kunne tilby kinopublikum i Kjølsdalen det som truleg er den fyrste digitale kinovisninga i Nordfjord! Publikum vil oppleve dette ii form av mellom anna skarpare bilete og betre lyd. Noko som forhåpentleg vil bidra til ei enda betre filmoppleving!

Begge filmane denne dagen, Horton reddet en Hvem og Varg Veum - Falne engler, blir vist digitalt!

Varg Veum - Falne engler er den andre filmen om Gunnar Staalesen sin privatetterforskar Varg Veum, og filmen har noregspremiere fredag 4. april. Filmen har aldersgrense 15 år.

Gå til nyhendearkiv