Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kommentar til kommuneplanen 08-12 frå KKUL

planmøte
Nok ein gang sender vi brev med kommentarer til Eid kommune. Lysta minkar etterkvart som vi ikkje ser noko resultat av det vi er ute etter. Vi får leve i håpet og vone at det kan bli betre, men stort sett lyt vi nok stole på oss sjølve. Byråkratiet er etterkvart blitt ein hemsko for all utvikling - og folk går leie. Kanskje adm. og formannskap burde gå rett på dette for å få ei meir positiv utvikling i kommunen. Brevet som blir sendt Eid kommune finn de under tekst ved å klikke på linken på toppen.

Utviklingsplan for åra 2008-2012 - Utlegging til offentleg ettersyn


Framlegg til utviklingsplan for Eid kommune for åra 2008-2012 er lagt ut til offentleg ettersyn i tida 8. mars til 7. april 2008.
Formannskapet i Eid ønskjer særleg innspel på:
* Kva du trur at Eid kommune kan bli god på - og kvifor
* Kva kan Eid kommune gjere for at du skal få lyst til å starte ny næring/utvide eksisterande bedrift
* Kva kan Eid kommune gjere for at du skal få tak i rett kompetanse/arbeidskraft til di bedrift

Eid kommune ber om innspel.

KKUL kjem med desse momenta som vi vonar kan bli handsama og realiserte. Om ikkje, vil vi kanskje slutte å sende inn forslag til kommunale planer. Eit tankekors – ja vel, men slik er verkelegheita. Eid kommune er ikkje berre sentrum!

Eid kommune er dårleg i handsaming av tiltak i bygdene. Her er utviklingspotensialet stort for administrasjonen. Kjølsdalen krins bør vere like viktig som Afrika.

Kvifor ikkje gjere bygdene meir attraktive med å gje støtte til for eksempel gatelys. På førespurnad om det var moglegheit for noko slikt var svaret negativt. Folk skal vel kunne trivast på bygdene på lik linje med sentrum.

Kvifor ikkje la skuleungar i stygt ver få sitje på med bussen som går likevel? Den er ikkje full.

Skal det startast næringsverksemd ein eller annan stad er infrastruktur viktig. Kva med breiband og vegstandard i vår krins ? – Har Eid kommune gjort nok for å betre dette? Lefdal har enno ikkje fått breiband og det breibandet vi betalar for, får vi ikkje.

Kva gjer Eid kommune for å halde på eldsjeler innan idrett, musikk, bygdelag…?

Kva gjer Eid kommune for å halde på ungdomen – gjev Eid kommune ungdomar sommarjobbar som gjer at dei seinare vil kome attende? Alle ungdomar i Eid burde få høve til å få ein sommarjobb.

Kva med reguleringsplana for Kjølsdals-stranda – kva blir gjort med denne saka som det er kommunestyrevedtak på? KKUL har alt lagt ut pengar på eit forslag frå Nordplan som kommunen kan få om dei set fart på arbeidet.

Kvifor er ikkje det teke med i plana at ein ynskjer industriareal i Kjølsdalen Krins?

Møteverksemd bør kunne spreiast meir innan kommunen og ikkje berre organiserast innan sentrum. Vegstykket er like langt begge vegar for alle partar.

KKUL har starta på ein møteserie om kraft, bioenergi og varmepumper – dette er tema som Eid kommune burde ta ansvaret for i samarbeid med dei lokale bygdelag – Her kan de (formannskapet) bli mykje betre. Etter møtet i Kjølsdalen om bygging av små/mini-kraftverk, er fleire i gang med realisering av dette. Eid kommune kan hjelpe til at sakgangen går raskare.

Eid kommune bør skaffe seg oversikt over nyinnflytte i bygdene , gje dei ei positiv tilbakemelding og be dei ta kontakt med kommunekontoret for informasjon og hjelp til nystarting av firma etc. I dag verkar det som om ”nettverket” på Nordfjordeid bestemmer omtrent alt, og det meste dreier seg om sentrum.

Kanskje Eid kommune kunne hjelpe oss i krinsen med tilrettelegging for utbygging av strandsona med tanke på turisme, båtbruk og utleige av sel og hytter som kan auke trivsel både for både utanbygdsfolk og Eidarar. Vi har mogelegheitene, men er kommuneadm. oppteken av dette?

Støtt butikken vår – det er ikkje Eid kommune si skuld at den er oppe og går.

Ikkje øydelegg skulen vår.

De som les dette – kvifor ikkje ta ein tur inn om arkivet til KKUL: www.kkul.no Behovs - og ressurskartlegging frå 1998. Der finn de alt vi har arbeidd med dei siste åra – mykje er ugjort, men tankane og ideane kan enno gjennomførast. Spesielt spørjeundersøkingsarbeidet vi gjorde, er OK å ta med seg. Men har de tid til dette så lenge det ikkje er sentrumnært nok? Dersom viljen er til stades kan mykje la seg ordne. Ta opp att bygdemøta som ein hadde for ei tid til bake, skriv referat og la formannskapet som etterlyser idear setje desse i gang og fylgje opp med påfyll av kunnskap for å realisere prosjekta.


Til slutt: Kvifor ikkje ”løne” dei som driv ”politikk” i bygdelag/utviklingslag i dei ulike krinsane. Bølgja som gjekk for nokre år sidan med å stifte lag som skulle utvikle og ta vare på utkantane, burde fortsetje. Kanskje administrasjonen i Eid burde halde denne bølgja levande og la oss som driv med dette få noko att? Eller er vi ikkje noko å satse på? Eg tru nok at kvardagen til byråkratane ville ha vore litt annleis om ikkje vi hadde desse utviklingslaga. Men dei treng eldsjeler dei og. Kva med eit opplegg for fri kopiering av det vi held på med og ikkje minst distribusjon av informasjon. Har Eid kommune kapasitet til dette?

I fyrste omgang meiner vi at Eid kommune skal prioritere skule og omsorg. Slik Eid kommune etter kvart steller seg når det gjeld skule med å auke presset på dei tilsette slik at dei etter kvart sluttar, er dårleg utviklingspolitikk. Utviklingslaget vil verne om skulen. Vi meiner og at Eid kommune bør få til ei ordning slik at Kisebærhagen blir fullt utnytta.


Kjølsdalen 06.04.08

MVH

…………………….

Jan Eide leiar KKUL.




Gå til nyhendearkiv