Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Sau og geiter og gjerdevedlikehald

Referat frå møte i Selje nov 2007

Av Stein Inge Refvik og Kristian Nave

Geiter © Marit Refvik
Møteref frå Selje nov 2007

Referat frå møtet om gjerdeplikt - beiterett
på Furebuda tysdag 20.11.2007.
Møtet starta kl.20.00 og det var om lag 70 personar frammøtte.
Arrangør var Selje Sau og Geit saman med faglaga i Selje kommune.
Møteleiar var Gunn Sande frå Selje Sau og Geit.
Det var to hovudinnlegg på møtet før det vart opna for spørsmål/debatt.
Desse var ved: Landbrukssjef i Vanylven, Atle Arnesen og
Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum.
Atle Arnesen:
Gjerdelova:
Han starta med sitat frå Håvamål: ”Gard set fred mellom grannar”
Gjerdelova av 1961 gjeld. Revisjonsforsøk seinare har stranda.
Lova er snart 50 år gamal og tilhøva i jordbruket har endra seg mykje på desse åra. Utifrå
dette kan ein nemne eit par typiske problemstillingar; Brukarane har:
1. avvikla sjølvstendig drift – har ikkje gjerdeplikt lenger.
2. avvikla beitebruk i utmark, driv til dømes berre mjølkeproduksjon.
Gjerdelova av 1961 gjeld gjerde mellom naboar og gjerde mellom bruksområde, til dømes
mellom utmark og innmark.
Den gjeld ikkje for ein del nye gjerde, til dømes sperregjerde.
For å krevje eit gjerde oppsett eller reparert etter gjerdelova føreset det at nytteverdien
omgjort i pengar, for begge partar til saman, er større enn kostnaden med gjerdet. Ikkjeøkonomiske
tilhøve kan vektleggast.
Rettsgrunnlaget for utmarksgjerde og grannegjerde kan inndelast slik:
1. Jordskifte. Varar i 10 år. Kan etter dette seiast opp, men det må koma noko anna
lovleg skifte/skjøn/avtale i staden for det som var.
2. Gjerdeskjøn. Varar i 15 år. Elles som jordskifte.
3. Private avtalar.
4. Gjerdelov, beitelov. Begge frå 1961
Dei tre første punkta gjeld framfor gjerdelova/beitelova.
Gjerdelova § 11: Gjerdeskipnad pr. 1.januar 1962 står ved lag, så lenge den ikkje er bytt ut
med skjøn, jordskifte eller anna lovleg avtale.
Etter gjerdelova § 7 er det slik at om ein vil ta bort eit gjerde må vedlikehaldskostnadane vere
større enn nytten for eigedomane på begge sider.
For å få sett opp eit grannegjerde etter gjerdelova må det i tillegg til nytte/kostnads-prinsippet
vere slik at eigedomane kvar for seg har nytte av gjerdet.
§ 8 seier at kvar av grannane skal bere halvparten av kostnadane med gjerdehaldet, men
dersom dette er klart urimeleg kan det nyttast skjøn.
§ 11 seier at både brukar (ved t.d. jordleige, beiteleige) og eigar har ansvar for gjerdehaldet og
begge har rett til å krevje gjerde frå deira side.
§§ 7 og 8 kan leggast til grunn for fordeling mellom brukar og eigar.
---
Atle Arnesen tilrådde å snakke først med eigaren, så får denne diskutere saka med
leigetakaren.
_______________
Beitelova
Atle Arnesen nemnde her først § 6 ”Vaktepliktsparagrafen” som seier at ein skal passe på at
dyra ikkje går til område der ein ikkje har beiterett.
§ 7 Skadebot Denne seier at dyreeigar må svara skadebot dersom dyr kjem inn på områder
dei ikkje har rett til å halde til, men dersom skadelidne sjølv har medverka til skaden ved å ha
vanhelde gjerdeskyldnaden sin, kan skadebota setjast ned eller falle bort.
Her peika innleiaren på at ein må kunne gjere greie for skadeomfang, varsling til dyreeigar,
ev. stell av dyr, m.v.
Husdyreigaren må yte skadebot til 3. eller 4. part, men kan søkje regress hjå den som har
vanhelde gjerdeplikta si.
Lova likestiller rett og plikt.
Vedlikehald av gjerde er hefte på eigedomen.
Streifbeite”rett”.
Begrepet kom inn ved siste forsøk på å revidere lova. Streifbeiterett er ingen rett, men er meir
i slekt med uttrykk som ”tålt bruk” og ”alder tids bruk”.
Det tyder ein slags rett til å la dyra gå i eit område utan tilsynsplikt, men utan formell
beiterett.
Ved rettsforfølging av ei slik sak er utfallet uvisst.
Gjerdeplikta gjeld for dyr som har beiterett – ikkje for dyr som ikkje har beiterett.
Atle Arnesen gav uttrykk for at dette med streifbeiting er vanskelege saker å handtere, men
gav det rådet til dyreeigarar at ein slakter ”bøbikkjene” før dei tek med seg fleire over i
områder der ein ikkje har beiterett.
Ettersom tilhøva i jordbruket endrar seg kan ein i mange høve stille spørsmål om det er ei god
løysing at gjerde skal gå i eksisterande trassé. Dersom ein ynskjer å endre sine rettar og
plikter, må ein gå til jordskifteretten, foreta eit gjerdeskjøn eller inngå andre lovlege avtaler.
Slike prosessar er ofte tidkrevjande og dyre, så i mange høve er det greiaste berre å setje opp
det gjerde ein treng.
Tormod Hvattum:
Driv gard på Åheim. Har interesse for desse spørsmåla i høve til gardsdrifta og erfaring med
konfliktar gjennom arbeidet i politiet.
Det er mange lover og forskrifter som kan vere aktuelle i saker om beite og gjerde.
 gjerdelova
 beitelova
 dyrevernlova
 lov om hevd
 tvangsfullføringslova
 plan- og bygningslov
ev. fleire
Gjerdetvistar. Det er to måtar å løyse slike saker på:
1. Krevje gjerdeskjøn etter grannegjerdelova. (Lensmannsskjøn)
2. Krevje jordskifte etter jordskifteloven
Dersom gjerdeplikta ikkje vert oppfylt kan den tvangsfullførast.
Då må ein først ha eit tvangsgrunnlag. Det kan vere t.d. gjerdeskjøn eller jordskifte.
Viss ein skal gå vidare med saka må ein sende eit krav til Tingretten, der ein forklarar
bakgrunnen for saka, legg ved tvangsgrunnlaget og ber tingretten ta ei avgjer på at
gjerdeplikta skal oppfyllast.
Tingretten vil ta kontakt med den som har gjerdeplikt, og vil gje den det gjeld ein frist til å
uttale seg om saka.
Når fristen er ute vil Tingretten ta ei avgjer og det er tre mogelege utfall:
1. Saksøkjar får mynde til å utføre handlinga, dvs. sette opp gjerdet for motparten sin
kostnad.
2. Namsmyndigheten utfører handlinga, dvs. set opp gjerdet for motparten sin kostnad.
3. Saksøkte blir pålagt ei dagsmulkt for kvar dag som går utan at gjerdet blir oppsett.
Heimel for dette er tvangsfullføringslova § 13 – 14.
Oppseiing av gjerdeplikt.
Ved avtale: Kan seiast opp etter 10 år. 1 års oppseiing. Gjerdelova § 2.
Ved jordskifte: Nytt krav om jordskifte etter 10 år. Jordskiftelova § 4.
Ved gjerdeskjøn: etter 15 år.
Aktuelle problem:  geiter
 gjerde nede i utmark
 skade straffesak
 gjerdeplikt for enkle hus
 piggtråd, dyrevernlova § 29
 korleis skal gjerdet sjå ut?
 hevd
Oppsummering / framgangsmåte dersom gjerdeplikta ikkje er overhelden.
1. Skaffe til veie jordskifte, skjøn avtale, etc.
2. Snakke med andre: naboar, eldre m.v.
3. Ta opp problemet munnleg med den grunneigar det gjeld.
4. Skrive brev der ein på ein fin måte gjer merksam på problemet.
5. Krassare brev med frist, - alternativt sak.
6. Bringe saka inn for tingretten.
Ref.: Stein Inge Refvik og Kristian Nave

Gå til nyhendearkiv