Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

SMIL-midlar

Knallharde vilkår i Bremanger kommune som de ser: ( saksa frå Bremanger si infoside)
Påminning om søknadsfrist for produksjonstilskot og smilmidlar
bremanger kommune
Vi vil i år minna om at søknadsfristen for produksjonstilskot er måndag 21.januar 2008.
NB!! Søknaden kan leverast inntil 1 månad etter søknadsfristen, men søkjar får då eit trekk på kr. 1.000,- pr. yrkesdag søknaden er levert etter 21.januar.
- Dette er i samsvar med rettleiing, som er sendt ut saman med forhåndsutfylt søknadskjema frå Statens Landbruksforvaltning

Søknadsfristen for SMIL midlar 2008

Kommunen har fastsett søknadsfristen for smilmidlar til 1. mars 2008. Det skal søkjast på tilhøyrande skjema som vert sendt på førespurnad saman med rettleiing. - Søkjaren skal levere ferdig utfylt søknad med turvande vedlegg, men kan få turvande hjelp med dette før fristen.
Kommunen tildelte i 2007 kr. 348.000 fordelt på 22 saker, der ein hadde 49 saker til handsaming. Aktive brukarar som søkjer og får produksjonstilskot vert til vanleg prioriterte.

For mogleg spørsmål må ein ta kontakt med :

Rune Indrehus, tlf. 57796300/57796331
epost: rji@bremanger.kommune.no

Dette var Bremanger, for Eid er fristen 25 april, så det er berre å setje i gang. De finn alle opplysningar på Eid kommune si web-side. Bruk venstre side på skjermen, trykk på LINKAR, deretter Eidaportalen og så på Eid kommune, så har du det du skal. Vis at vi treng midlane ved å søkje. Kanskje tilskota blir større om behovet er til stades. Det er ei lang lefse av rettleiing du får ved å trykke på linken på websida - ein kan miste pusten og initiativet av mindre, men slik er byråkratiet - diverre - og stort sett får ein ikkje det ein ynskjer.

Gå til nyhendearkiv