Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

VÅRkonsert 27. april

Kjølsdalen musikklag og Stårheim songlag inviterer til konsert i Eid kyrkje søndag 27. april kl 20.00.

Dei to laga spelar og syng kvar si avdeling, før konserten blir avslutta med fellesnummeret "Time to say goodbye" - gjort kjent av Andrea Bocelli.

Dirigentane Olga Pavlova og Gerard Rooker har sett saman eit variert program med mange kjende og kjære songar. Kva med Bruremarsj, Blåmann Blåmann, Gabriellas song, Gå inte forbi, Amazing Grace, Bella Notte og Den fyrste song?

Billettprisar: Vaksne 100 kr, born 50 kr

Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne!

Kjølsdalen musikklag sine heimesider

Gå til nyhendearkiv