Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Referat frå styremøtet 21.04.2008

Logo KKUL
Styremøtet 21/4-2008 er ferdig.

Referat frå styremøte i KKUL 21.04.2008

Desse møtte: Jan Eide, Terje Johnsen, Ståle Lefdal og Jan Ole Eikås.

Saker:
1. Energimøte om Bio. Ståle Lefdal og Cato Albrigtsen tek kontakt med Sigmund Larsen for å arrangere bioenergimøte i Lefdal. Dei står fritt ang. tid, plass og innhald.
2. Skilting. Leiar orienterte om korleis stoda var for skilting i Kjølsdalen og på Reksnes.
3. Rapport om skulestrukturen utarbeidd av kommunesjef Sivertsen. KKUL meiner rapporten er ein provokasjon mot Kjølsdalen Krins og framtida for dei som bur her. Heile rapporten bør trekkast attende og ein bør satse på det som KKUL har peika på i fleire år: leggje forholda til rette for at folk kan få bu her.
4. Reguleringsplan for Kjølsdalsstranda. KKUL meiner at vedtaket på at det skulle lagast reguleringsplan for området Reksnes-Vindfylletunnellen skal forserast. Eid kommune har i 6 år trenert dette arbeidet.
5. Kritikk frå medlem i KKUL mot leiaren i KKUL når det gjeld KKUL si heimeside. Vedkomande meinte at leiaren i KKUL ikkje var seriøs nok i omtale av enkelte saker. Styremøtet kan ikkje sjå at leiaren har gått ut over vanlege grenser og avviser kritikken.
6. Lyspunkt i Kjølsdalen krins. Det er sendt 3 søknadar om støtte til dette arbeidet og har til no fått avslag på eit av dei. Det er ikkje sendt søknad til kommunen då ein reknar dette som håplaust.

Gå til nyhendearkiv