Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Møte i Oppvekst og Kulturstyret (OK) sist onsdag

Bygdene mobiliserar

Av Jan Eide

oppvekstutvalet
OK-styret hadde rapporten om skulestrukturen i Eid oppe på møtet 23 april. Det er utruleg at OK-styret som skal vere eit fagutval ikkje kan gje formanskap og kommunestyre råd om kva som burde gjerast med skulestrukturen i Eid kommune framover. Dei tok rapporten til etterretning som det vart sagt. Rapporten ber preg av at at det er økonomiske interesser som ligg bak der kommunesjef Sivertsen prøver å bruke pedagogiske argument for å få rapporten i gjennom.
Kommunesjefen får ha sine meiningar, men i ettertid viser det seg at andre har like gode argument for å behalde strukturen som den er. Det finnst nok meir enn ein pedagog i Eid kommune etter det som kom fram på folkemøtet i Kjølsdalen mandag 21 april.

Gå til nyhendearkiv