Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Nytt styre og aktivitetar neste sesong

Kjølsdalen musikklag hadde val- og medlemsmøte tysdag kveld.

Gå til Kjølsdalen musikklag si heimesideDer vart aktivitetsplanen for komande sesong delvis vedteken, og nytt styre valt. Det nye styret skal starte planlegginga av neste sesong, men tek ikkje formelt over før ved sesongstart.

I haustsesongen skal vi mellom anna ha to seminar, spele på samfunnshusbasar, vere med på fylkesmeisterskap i Måløy 15. november, arrangere og spele på julekonsert i Kjølsdalen kyrkje 21. desember, delta på gudsteneste 1. juledag og spele julemusikk til dei handlande på Nordfjordeid.

I byrjinga av september avgjer vi om korpset skal vere med på NM Brass i Bergen i februar. Musikkafé i mars, opning av Operahuset Nordfjord 18. april og speling på jonsokbasar er bestemt.

Her er dei som skal styre og stelle KML i 2008/09:

Leiar: Kristin Lefdal
Nestleiar: Jan Kåre Sæthre
Kasserar: Anne Sæthre
Styremedlem: Geir Sundal
Sekretær: Helga Didrikke Sundal
1. varamedlem: Marta Elvebakke
2. varamedlem: Eldri Rimmereid

Økonominemnd: Britt Gilleshammer, Tanja Hatten og Ingrid Oselie Øygard
Noteutval: Marta Elvebakke, Eldri Rimmereid, Kari Håøy (vara)
Materialforvaltar: Jan Kåre Sæthre, Oddbjørn Starheim (vara)
Representant i Kjølsdalen skulemusikk: Geir Sundal
Representant i Kjølsdalen samfunnshus: Rolf Sundal
Revisorar: Per Starheim og Reidar Johnsen
Valnemnd: Leif Telvik, Anita Leite og Arne Jon Telvik Sundal

Gå til nyhendearkiv