Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Skilting av turstiar

Kurs på Sandane 22 mai

Av Jan Eide

skilt
Jon Balsnes frå Haugen og Jan Eide frå Kjølsdalen var dei to einaste frå Eid kommune på kurs i skilting av turstiar.
Kjølsdalen Krins var tidleg ute med meir systematisk skilting av turstiar mellom dei ulike bygdene i krinsen. Saniteten gjer eit godt arbeide med sine onsdagsturar for å halde kropp og sjel ved like. Kurset på Sandane var eit kombinert teoretisk og praktisk kurs. Det vart vist til Geilo som nyttar sine løyper og sykkelstiar i si turistnæring. Eid kommune famlar vidare for å få noko til i denne kommunen. Etterkvart er dette arbeidet blitt meir systematisk ved at ein vil gje ut ei "minioppturbok". Etter det eg forstår skal 10 turar frå vår krins vere med. Støttespelarar her er Jorun Breiteig og Kirsten Kjøllesdal.
På kurset fek vi ein gjennomgang i klassefisering av turane: Lengde i tid, stigning, underlag, veg,sti,snaufjell og til slutt ei samla vurdering. Ein går inn for 4 kategoriar: grønt, blått, rødt og svart slik at turistar frå utlandet også kan nytte desse.
Grønn sti står for m.a. Der er veg/sti, godt underlag, ikkje for bratt, max 2,5 time, gjerne barnevogn og ikkje krav til kondisjon. Skilta som det vart vist til kosta frå kr 100,- til 800.- alt etter størrelse og innhald på tavlene. Det hadde vore fint om vi kunne få opp ein del skilt og at ein fekk nokon til å vere fadder for desse stiane - halde oppsyn og sjå etter om ein treng vedlikehald på både skilt og underlag. Kanskje Idrettslaget, 4 H og Saniteten har ein ide om dette?

Korleis Hemsedal har gjort det
Referanse til skiltproduksjon

Gå til nyhendearkiv