Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Referat frå styremøte i KKUL 18/9 - 2008

Logo KKUL
Her er referatet frå styremøtet i går kveld. Trykk på utheva tekst på toppen.

Referat frå styremøtet i KKUL 18.09.2008

Desse møtte: Wenche Stadheim, Jan Eide, Terje Johnsen, Cato Albrigtsen og Ståle Lefdal

Desse sakene var oppe og handsama: start kl 2000, slutt kl 2300.

1. Bygdekontoret og bruk. Ole Reinhardt Bugjerde orienterte om situasjonen på skulen når det gjaldt bruk av linjer og maskiner. KKUL går inn i samarbeid med skulen der krinsen får nytte det utstyr ein har til kurs etc. På Bygdekontoret skal det stå 2 maskiner til bruk for dei som ynskjer det. Skrivar og scanner blir oppmontert i nettverk på biblioteket slik at ein har mogelegheit til å ta ut utskrifter frå både datarom, bibliotek og Bygdekontor. Kopimaskin på Bygdekontoret blir påfylt med toner og papir slik at ein har høve til å ta ut kopiar om ein ynskjer det.
2. Medlemstal. Pr i dag har vi 22 privat personar som medlemar og 5 lag/organisasjonar. Laga er: Kjølsdalen U-lag, Kjølsdalen MUS.lag, Kjølsdalen Skyttarlag, Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag, Kveldulf Skyttarlag. På årsmøtet i februar var det 61 medlemar der 9 var lag og organisasjonar. Ein går ut i Tavla med bankktonr. og referat frå styremøtet. Utan medlemar – lite slagkraft. På websida under lag og org. finn ein bankktonr. 3790.10.78166
3. Næringsplan for Eid kommune. KKUL har merka seg at kommuneplanen inneheld svært lite om utvikling i ytre del av krinsen. Leiar skriv brev til kommunen og påpeikar dette.
4. Bygdeprisen for 2008. Ein vil gjerne halde oppe tradisjonen og gje ein bygdepris for 2008. KKUL ber medlemane sende inn forslag innan utgangen av okt. 2008. Send forslaget til leiar Jan Eide 6776 Kjølsdalen, eller til jaei@online.no
5. Kraftutbygging/Bioenergi. KKUL har starta ein miniserie der vasskraft var fyrst ute. Resultat av dette møtet er oppstarting av Jølet Minikraftverk der 8 grunneigarar er med. Melding om tiltak er sendt NVE som igjen har bede Fylkeskommunen uttale seg. Vi vonar fleire i krinsen vil sjå på mogelegheitene for kraftutbygging. Møtet om bioenergi er tenkt å bli halden i Lefdalsbygda. Ståle Lefdal står for arrangementet saman med andre frå Lefdal.
6. Byggjefelt. Det vart orientert om både det kommunale og private byggefelt som snarast bør kome opp å gå om ein skal halde på folketalet i krinsen. Det kom fram at ein kanskje burde samarbeide om flytting av høgspentliner som ligg i felta. Det burde vere ei plikt for SFE at dei tek ein tydeleg del av utlegget ved slik flytting når dei har gratis grunn som straumen blir ført over. I all tid har grunneigarar hatt ulempene med stolpar som står der utan kompensasjon. Fylkeskommunen har alt merknadar om det offentlege byggjefeltet pga. fortidsminne.
7. Eid kommune si handsaming av unge grundera. KKUL har fått førespurnad frå ung person i krinsen om hjelp til utfylling av skjema ved bruksendring av ein tidlegare skofabrikk. Vedkomande meiner han har fått lite hjelp av kommunen. I UTVIKLINGSPLAN 2008 -2012 s. 15 seier kommunen ”Vi vil gjennom god rådgjeving prøve å hindre at ulike lover og forskrifter blir oppfatta som ei bremse for utvikling av næringslivet” og på s. 18 ” Eid kommune skal legge til rette for grunderverksemd for å sikre at det kontinuerleg vert etablert nye verksemder. Den kanskje viktigaste måten å auke grunderverksemd på er å endre haldningar” Leiar i KKUL prøver å få fram kontakt mellom grunder og Eid kommune for vidare positivt samarbeid.
8. InMedia og utlegg for KKUL ang. domene KKUL.no. Laget går inn for å leggje ned denne websida, men vil be InMedia om pris på å få ut alt som ligg der på ei DVD-plate. Mykje historisk materiale som ein bør ta vare på.
9. Lyspunkt i krinsen. Wenche orienterte om stoda. Ein arbeider vidare med ma. søknad til Gjensidigefondet på kr 200 000. KKUL vil ta tilsvarande på eigeninnsats. KKUL var inne i biletet på dugnadsarbeid ved maling av offentlige bygningar i sumar, men dette skar seg då tilbodet var for lågt i høve til kalkyle. Ein arbeider vidar med løysingar for finansiering.

Referent: Jan Eide
18/9-2008


Gå til nyhendearkiv