Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Vi gratulerer med overstått!!

Arnulf Kjøllesdal fylte nett 90 år

Arnulf Kjøllesdal
Ein av dei som har betydd mykje for krinsen, Arnulf Kjøllesdal, har runda dei 90. I fin form feira han dagen i heimen sin saman med familie og vener.

Du finn meir om Arnulf ved å trykke på understreka overskrift.


Arnulf John og Kari
På biletet ser vi Arnulf saman med borna sine Kari og John.
.


Arnulf Kjøllesdal er fødd 15.sept.1918 i Elstrandhuset på Bryggja. Foreldra var Karen Amalie (Molla)f. Elstrand og Johan Martin Kjøllesdal. Arnulf var nest eldst av 4 søsken, Ranveig, Jorunn og Torstein. Han vaks opp i Utigard og var tidleg med i det som gjekk føre seg på garden. Gjekk på landbruksskule på Mindresunde i Stryn. Vart gift med Solveig Ytreeide . Fram til 1948 budde dei på farsgarden til Solveig. Arnulf hadde arbeid på ein gard på Tonning i Stryn, og tok elles eit tak på Ytreeide når det trongst. Han var m.a. interessert i skogdrift.
Han flytte heim til Kjølsdalen med familien i 1948, og overtok garden straks etter. Arnulf hadde mykje han skulle ha gjort. Halve innmarka på garden var ljåmark, men no vart det rydda stykke for stykke, både nedafor og ovafor husa. Det aller øverste vart kulturbeite. Det var nytt, iallfall i namnet, og det fall nok litt spitord i samband med det. Då garden var oppdyrka , sto sætra for tur. Han hadde lenge god hjelp av far sin som stod saman med han og stubb-brytaren i grøftene.
Solveig og Arnulf fekk to barn, Kari,f. 1942 og John, f. 1950. Både for Solveig og Arnulf var det viktig at barna fekk utdanning , noko dei sjølve ikkke hadde fått nok høve til.
Elles var Arnulf mykje med i styr og stell. Han var med på kommunestyremøte i det gamle Davik herrad. Etter ny kommuneinndeling i 1964, då Kjølsdalen kom til Eid, vart han valt inn i kommunestyret. Elles var han i mange år medlem av styret i Nor meieri. Han hadde vore medlem av likningsnemda i Davik, og heldt fram i Eid kommune.
Han har alltid vore levande oppteken av ting som skjer i Kjølsdalen, vidare i kommunen, men også i rikspolitikken.


Gå til nyhendearkiv