Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Haustlotteriet flytta til Kjølsdalen

Etter ei flott veke på Coop Mega på Nordfjordeid, er haustlotteriet vårt no flytta til Joker Kjølsdalen.

Mange kjøpte lodd av Kjølsdalen musikklag sist veke, tusen takk til alle som støtta oss!

Dei flotte gevinstane fekk mange til å stoppe. Folk kan mellom anna vinne spekeskinke og eit signert bilete av Oddvar Torsheim. Mange av dei handlande støttar Kjølsdalen musikklag fordi dei set pris på oss, det er kjekt å høyre!

Denne veka kan folk kjøpe lodd på Joker Kjølsdalen. Trekning blir laurdag 4. oktober.

Kjølsdalen musikklag si heimeside: www.kjolsdalenmusikklag.no

Gå til nyhendearkiv