Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kjølsdalen musikklag på fylkesmeisterskap

Musikklaget er første korps på scena under Sogn og Fjordane meisterskapen i Samfunnshallen i Måløy laurdag 15. november. Programmet vårt har temaet "reise" og inneheld faktisk ei urpremiere!

Reisa vår startar på ein jernbanestasjon. Organist Gabriëla Lukassen og dirigentektemann Gerard Rooker har laga eit heilt splitter nytt og spennande brassband-arrangement av norske Nede på stasjonen og nederlandske Op een klein stationnetje. Desse to barnesongane er nesten heilt like, og vi gler oss veldig til å få lov til å urframføre dette arrangementet i dag. Anna Humborstad, Karina Årskog og Johanne Nesbø frå Kjølsdalen skulemusikk opnar det heile for oss.

Toget fører oss til spanskekysten. Der vil vi delta i lokale festlegheiter med både fandango og cante libre.
Vi skal spare dykk for å syngje, men gir ein liten smakebit ved å framføre 6. satsen Malaguena frå Suite Andalucia av Ernesto Lecuona, arrangert av Mark Freeh.

Frå Spania går turen til New York, der nok eit tog fører oss til Tennessee med Chattanooga Choo Choo av Harry Warren. Dette er eit stykke nostalgisk filmmusikk frå tidleg førtital som er gjort godt kjent av Glenn Miller og Andrew Sisters. Arrangementet er opphaveleg av Scott Richards, men er tilpassa Kjølsdalen musikklag av dirigent Gerard Rooker.

Kva er vel ei reise utan avskilsscener? Rockeballaden If You Leave Me Now av Peter Cetera er den største hiten rockegruppa Chicago nokon sinne har hatt. Den kom første gong I 1976, og er no arrangert for korps og solist av Bjørn Morten Kjærnes. Vår solist på trombone: Ingrid Oselie Naustdal

Korpsreisa blir sjølvsagt avslutta med ein parade. Ingenting høver då betre å framføre enn The Bandwagon av Philip Sparke. Ordet bandwagon har mange tydingar. Det kan vere namnet på paradevogner for korps, men ”The Bandwagon” er også namnet på eit korpsprogram på radio i Japan.
Og kjenningsmelodien for dette programmet er nettopp The Bandwagon.

Her er spelerekkjefølgja på fylkesmeisterskapen:

Brass
1 Kjølsdalen Musikklag - Gerard Rooker kl 11.00
2 Torskangerpoll Musikklag - Lisbeth Helen Våge kl 11.30
3 Jølster Musikklag - Arvid Anthun kl 12.00
4 Fjordbrass Lavik - Jason Burn kl 12.30
5 Florø Hornmusikk - Kjetil Høidal kl 13.00

Janitsjar
1 Gloppen Janitsjar - Jon Rune Ødven kl 14.30
2 Måløy Musikklag - Gerard Rooker kl 15.00
3 Førde Ungdomskorps - Jason Burn kl 15.30
4 Øvre Årdal Janitsjarkorps - Helge Øren kl 16.00
5 Stryn Musikkklag - Jon Are Steen kl 16.30

Heimesida til Kjølsdalen musikklag

Gå til nyhendearkiv