Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Max Manus kjem på Bygdekinoen i Kjølsdalen 23. og 24. januar

Av Marius Aardal

Den norske storfilmen Max Manus vert vist på Bygdekinoen i Kjølsdalen fredag 23. januar klokka 20.00. På grunn av den store interessa rundt filmen er det satt opp ekstraframsyningar laurdag 24. januar klokka 13.00 og 16.00.

Det vert førehandssal av billettar på Joker Kjølsdalen for dei som ynskjer å sikre seg plass på framsyninga fredag. Det vert ikkje førehanssal til førestillingane laurdag.
Billettpris kr 70,-.

TRAILER

Filmen byggjer på den verkelege historia om motstandsmannen Max Manus (1914-1996), soldat i Kompani Linge i dei frie norske styrkane i England og seinare storsabotør i Noreg under krigen 1940-45.

Max er vorte kalla Noregs første "hippie". Han kutta ut skulen 14 år gammal, drog til onkelen sin på Cuba, og reiste seinare til Chile der han livnærte seg med å selja blomster. Seinare gjekk han til fots over Andesfjella. I filmen møter vi Max første gong i vinterkrigen i Finland 1940 der han slost som frivillig mot russarane. Då våpenkvila vart etablert i mars, vart alle frivillige sende heim, og Max opplevde å koma til Oslo tidsnok til å sjå tyskarane marsjere inn i byen 9. april.

Etter at Noreg kapitulerte i juni, laga det seg etter kvart motstandsgrupper kring i landet. Max vart snøgt ein pioner i motstandsrørsla. Saman med kameratane Kolbein Lauring, Gregers Gram, Gunnar Sønsteby m.fl. stod han bak den første illegale avisa i Noreg VI VIL OSS EIT LAND. Men det ungdommelege ovmotet til ein "eventyrar" som Max Manus var rådande. Han undervurderte tyskarane, og særleg den utspekulerte og svært intelligente Siegfried Fehmer i Gestapo. Fehmer var ein interessant personlegdom som elska Noreg og såg på motstandsrørsla som ei lita gruppe terroristar som øydela sjansen for tyskarar og nordmenn til å leva i fred og vennskap. Fehmer var ein stor damevenn, og såg ut som ei Hollywoodstjerne, men han var også ein nådelaus torturist og vart avretta for krigsbrotsverk etter frigjeringa i 1945.

Max vart arrestert i sitt eige husvære og hoppa resolutt ut vindauga i 2. etasje. Han overlevde og vart lagd inn på Ullevål sjukehus, der han trass i å ha store skadar greidde å flykte gjennom vindauga i 3. etasje. Ei nesten uforståeleg bragd i den tilstanden han var i.





Max slutta seg til dei norske styrkane i Skottland der han trefte att Gregers Gram. Saman vart dei sende til Noreg der dei stod bak ei rekkje dristige sabotasjeaksjonar.

Filmen dekkjer tre av dei mest spektakulære aksjonane - Operasjon Mardonius i 1943 - der Max & Co. padlar inn i Oslo hamn i kanoar og sprengjer tre tyske skip med tidsinnstilte bomber, aksjonen mot arkivet til Arbeidstenesta i 1944, der dei set ein stoppar for planane til Quisling om å kalle ut norsk ungdom til tysk krigsteneste på Austfronten, og sist, men ikkje minst, senkinga av det kjende fange- og troppetransportskipet Donau i januar 1945.





I Stockholm møter Max den vakre motstandsorganisatoren Tikken Lindebrække som arbeider ved den engelske legasjonen. Ho er i utgangspunktet alt anna enn imponert over den tilsynelatande bråkjekke antihelten Max Manus, men etter kvart utviklar det seg eit nært forhold mellom dei. Ho blir ein viktig støttespelar for Max etter kvart som krigen tilspissar seg, og ei rekkje av kameratane hans blir torturerte og drepne av Gestapo. For Max er det no ikkje lenger berre ein kamp mot nazismen, men også ein kamp for å overvinne indre demonar og skuldkjensle.

MAX MANUS er eit usminka krigsdrama om ein av dei mest kjende sabotørane i Noreg. Filmen tek oss med på nokre av dei dristigaste sabotasjeaksjonane i den andre verdskrigen, og gjev eit bilete av personane bak, vala dei måtte gjera og kva for effekt krigen har på menneske.



Gå til nyhendearkiv