Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kjølsdalen musikklag til NM

Fredag 6. februar spelar Kjølsdalen musikklag i NM Brass. 71 andre korps frå heile landet samlast i Bergen, fem av dei frå Sogn og Fjordane.



Kjølsdalen musikklag deltek i 3. divisjon saman med Torskangerpoll musikklag og 11 andre korps frå Hordaland, Nordland, Møre og Romsdal, Oppland, Oslo, Troms og Trøndelag:

Bergen Brass Band
Borge Brass Band
Fjell Brass
Follesø Musikklag
Fræna Musikkorps
Gjøvik Bybrass
Grenland Brass
Hasle Brass
Kjølsdalen Musikklag
Lindås Brass
Torskangerpoll Musikklag
Tromsø Brass
Trondheim Politis Brassband

Våre gode naboar Torskangerpoll vann 4. divisjon i fjor og rykte difor opp ein divisjon. Vi kom på andre plass i den lavaste divisjonen i 2007, rykte opp og heldt oss overraskande i 3. divisjon med sjuande plass i fjor.

Fem av dei 72 NM-korpsa er frå Sogn og Fjordane. Jølster musikklag stiller i 1. divisjon, medan Florø hornmusikk og Flora-Bremanger brassband deltek i 4. divisjon.

Les meir om NM her: Norges Musikkorps Forbund

Kjølsdalen musikklag skal framføre «Rhapsody in Brass» komponert av Dean Goffin. Stykket i tre satsar vart brukt første gong i eit britisk meisterskap heile 60 år tilbake i tid.

Kjølsdalen musikklag har delteke i NM seks gonger tidlegare. Første gongen var i 1994. Sidan 2006 har konkurransen vore fast innslag på aktivitetsplanen.

Plassering og resultat er ikkje vi så opptekne av. Vi brukar konkurransar som eit middel for å bli betre. NM er til sterk inspirasjon for oss. Viss vi går av scena og føler vi har gjort vårt beste, har vi nådd målet vårt. Så får vi sjå kva plassering det eventuelt fører til. NM er òg eit sosialt høgdepunkt for korpset, i tillegg til at vi får høvet til å høyre dei aller beste korpsa i landet.

Vi reiser til Bergen torsdag ettermiddag. 3. divisjon går av stabelen fredag ein gong mellom klokka 16.00 og 21.40. Nøyaktig tidspunkt vert avgjort ved trekning fredag kl 12.00. Musikkinteresserte kan få med seg store deler av konkurransen via NRK Hordaland sine nettsider. Alle framføringane i storsalen i Grieghallen blir overført på webfjernsyn. 3. divisjon spelar i Peer Gynt-salen og vert difor ikkje overført. Premieutdelinga laurdag kveld kan ein òg følgje via nettet.

Heimesidene til Kjølsdalen musikklag



Gå til nyhendearkiv