Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kjølsdalselva, Eid kommune, - Melding om planer for bygging av Jølet minikraftverk

jølet © Jan Eide
Utbyggjarane har fått brev frå Fylkesmannen. Her er konklusjonen:

Tilråding
Fylkesmannen meiner at den meldte kraftverksutbygginga i Kjølsdalselva er for dårleg opplyst, at det er konfliktar med allmenne interesser, jf. § 8 i vassressurslova, som må avklarast, og at det kan vere aktuelt å setje vilkår til ei ev. utbygging.

Søknaden bør supplerast med:
• undersøking om biologisk mangfald, jf. rettleiar frå NVE
• vurdering av kva tiltak/føresetnader som må til for å sikre at anadrom fisk så langt som råd kan oppretthalde produksjonen
• avklaring av status i høve til tilstandsklasse for vasskvaliteten i elva og vurdering av korleis eit kraftverk ev. vil påverke denne

Alle undersøkingar og vurderingar må utførast av fagleg kompetente personar/firma og til rett tid på året.

Gå til nyhendearkiv