Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kjell Leite held fram som leiar i Sankelaget

Kjell Leite © J Eide
På årsmøtet i går kveld vart styret attvalgt. Kjell held fram som leiar, Jostein Gilleshammer som kasserar og Jan Eide som styremedlem. Laget har 23 medlemar. Aktivitetar til glede for medlemar og andre: innsamling av ull, sliping av knivar vedlikehald av sankehytta.
Bondelaget har sagt seg viljuge til å setje opp eit utedo til sumaren i nærleiken av hytta.
Tapsprosenten av dyr på beite var i år på 6%.
Gåver til Sankehytta: Kjølsdalen IL har gjeve kr 5000.- Bygdekvinnelaget kr 10 000.- Bondelaget kr 5000.- Saniteten har gjeve hyttebok og Liv Eikås har gjeve gardiner.
Laget har kjøpt inn 4 laminerte plakatar over sporing av rovdyr og ber om at folk som går på tur og har lest plakaten gjev melding om observasjonar.
Biletet over er teke 31.07.2007 på Dalsætra i høve transport av elementa til Sankehytta. Vi ser Kjell Leite til høgre saman med ein helikopterflygar.

Gå til nyhendearkiv