Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Tipp og støtt skulemusikken eller musikklaget!

Frå 1. mars kan du som tippar hos Norsk Tipping velje å gje pengar til eit lag. Kjølsdalen skulemusikk og Kjølsdalen musikklag er to av laga du kan støtte.

Frå 1. mars kan dei som tippar hos Norsk Tipping velje eit lag som skal få inntil fem prosent av summen du spelar for. Grasrotandelen går ikkje ut over innsatsen eller premien din, men kjem i tillegg til det du spelar for.

Kjølsdalen skulemusikk og Kjølsdalen musikklag er to av laga som er registrerte i Frivilligregisteret og difor kan få Grasrotandelen.

Laget du vil støtte, registrerer du hos tippekommisjonæren din eller på internett. Registreringa går enklare når du har organisasjonsnummeret til laget:

Kjølsdalen skulemusikk: 992 202 912
Kjølsdalen musikklag: 977 539 900

www.norsk-tipping.no kan du frå 1. mars skrive ut ein blankett med strekkode på. Denne tek du med deg til tippekommisjonæren.

Du kan støtte berre eitt lag om gongen, men du kan byte lag så ofte du vil.

Vi håpar du vil støtte skulemusikken eller musikklaget!

Les meir på www.grasrotandelen.no


Heimesida til Kjølsdalen musikklag
Grasrotandelen

Gå til nyhendearkiv