Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Fotballgruppa 2009

Hei alle saman som har lyst å vere med på fotballturneringar i 2009.

Fotballtreninga tek til att første mandagen i mai, altså den 4 mai. Vi har som vanleg treningar frå kl 18 på skulen. I år kjem vi til å stille med to lag.

Det eldste laget vårt er dei som er fødde i 1999 og 2000 og dette laget har Jan Ole som hovudtrenar. Kjell og Roar vil vere med som hjelp ved behov. Dei som er fødde i 2001, 2002 og 2003 vil ha Ståle som hovudtrenar. Arne Jon, Cato og Lars Frode vil hjelpe til ved behov.

Dersom det er fleire som kan tenke seg å vere med som trenar hjelp, tek vi i mot med stor takk. Ta då kontakt med Roar Bakke på 91545602.

I år er det som vanleg 4 turneringar i kommuna. 1 juni, 15 juni, 23 august og 14 september. KIL har fått tildelt turneringa 23 august og den tek vi i mot med like stort pågangsmot som tidlegare. Vi set oss som mål å få til ei like god turnering som den vi hadde i fjor. Etter den var det berre god ord å få i frå Fotballkretsen.
KIL Fotball ønsker alle spelarar og tilhøyrande slekt velkomne til eit godt fotballår i Kjølsdalen!

Vel møtt!

Gå til nyhendearkiv