Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Musikkafé med storfint besøk

Komande søndag kl 15.00 er det musikkafé i Kjølsdalen samfunnshus. Fylkets beste musikkorps er gjester; for første gong held Jølster musikklag konsert i Kjølsdalen.

Søndag 15. mars kl 15.00 er det musikkafé i samfunnshuset. I tillegg til matservering, åresal, loddsal og tombola blir det to konsertar i løpet av ettermiddagen.

For aller første gong kjem Jølster musikklag til Kjølsdalen. Vi har eit svært godt samarbeid med det beste musikkorpset i fylket, dei har vore førebilete for oss i mange år. For eit par år sidan hadde vi òg same dirigent; Arvid Anthun frå Førde. Nokre av kjølsdalingane har i tillegg spelt i Jølster musikklag i kortare periodar.

Vi kan love eit lett og variert repertoar frå både gjestene og vertskorpset.

Alle er hjarteleg velkomne til ein triveleg musikalsk og sosial ettermiddag i Kjølsdalen samfunnshus søndag!

Heimesida til Kjølsdalen musikklag


Gå til nyhendearkiv