Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Synfaring på det fårlege krysset opp til Barnehagen på Reksnes

Av Jan Eide

Tømmerstøl-riksvegen1 © Jan Eide
Tømmerstø-riksvegen2 © Jan Eide
I går var Statens Vegvesen og Eid kommune v/ Dag Petter Leite saman med KKUL på synfaring på det fårlege krysset på Reksnes. Det er ikkje ei enkel sak å løyse. Sjølv om eigaren av det gule huset kan tenkje seg å diskutere sal av areal for å betre utsikta innover, er dette ikkje nok. les meir ved å klikke på overskrifta.

Ein del av hammaren bak vegvesenet sin mann (nederste bilete) må vekk. Frå stolpen som ligg opp mot fjellet og utover må ein ta bort ca 500 m3 til ein verdi av ca 1 mill for å få sikt på 115m innover. Dette er kravet til vegvesenet. Vegvesenet har ikkje pengar, heller ikkje Eid kommune. Leite vil setje opp ei kalkyle og deretter er det opp til KKUL og kommunen å køyre saka vidare. Får tru vi greier dette før det skjer ei alvorleg i dette krysset. Ein var og på synfaring på den gamle avkøyringa og mogelegheit lenger innover, men førebels enda vi på den omskisserte løysing. Etterpå skulle dei to karane på synfaring på Høynes til krysset i svingen der vegen til Bruvoll kryssar riksvegen.

Gå til nyhendearkiv