Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Fjordabladet melde igår at skulestrukturen i Eid skal handsamast på nytt.

No gjeld det å vere med frå fyrste stund.

Av Jan Eide

Skulestove
Endå ei runde om skulesaka. Fjordabladet melder at leiar i OK-styret Jostein Huneide vil ha 3 skular. Kva for to vil då ryke? Underliggjande er heile tida å spare pengar - samstundes snakkar ein om å drive skulen meir rasjonelt og effektivt og trur ein skal greie å opprethalde kvaliteten. Skal ein spare så det monnar er det ganske enkelt større klasser og ferre tilsette som må til. At kvaliteten på opplæringa då skal bli betre er for mange ei gåte.
Det går og ei grense på kva arbeidsmengd ein kan leggje på den enkelte lærar.
I planprosessen ein no er inne i, har KKUL skreve melding til Harald Sivertsen om at ein representant frå bygdelaga bør vere med i prosessen. Han har takka for innspelet - så står det att å sjå kor politisk dette er.

Gå til nyhendearkiv