Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Sankelaget takkar MVS for samarbeidsprosjekt

Av Jan Eide

Sankelaget overrekker bilete © Jan Eide
På avslutninga ved Måløy vg. skule i går 19.06 overrekte styrerepresentant i Sankelaget Jan Eide biletet (til venstre) som takk for positivt og konstruktivt samarbeid med sankehytta som ligg på fjellet mellom Stårheim og Kjølsdalen ved Langevatnet. Hausten 2006 tok elevar ved MVS under leiing av Egil Holvik til på byggjinga av hytta inne på verkstaden på MVS. Hytta vart bygd opp av modular og sett opp inne, teke ned att og køyrd til Kjølsdalen på lastebil. Lagra ei stund hos Arne Kjøllesdal og deretter frakta opp til Dalsætra og løfta opp på fjellet med helikopter. Den 7/6 2007 kom så klassa ved MVS og brukte ein dag saman med 3 lærarar: Egil Holvik, Noralf Jøsok og Arvid Flataker for å setje opp hytta på tillaga flake. Harald Eikås som de ser ved sidan av dei tre lærarane var og med som kunnig person. Hytta er no mest ferdig og er teken i bruk. det står att ein del ting som lakking inne og maling ute. Bondelaget har sagt seg viljug til å setje opp eit utedo i løpet av sumaren. Hytta er open for alle, men ta kontakt med Kjell Leite i høve overnatting.

Gå til nyhendearkiv