Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Landbruksdirektøren i Rogaland tek eit tak for sau - kva gjer vi?

sau på beite © Fylkesm. Rogaland
Prosjekt om sau og i tillegg PDF-fil om prosjektet 2009-2012
.
I Sogn og Fjordane har dei ei stund sett på dette med gjerding av beiteområde og ytt ein del pengar til dette, men det monar lite. I tillegg har dei køyrt :Framtidsretta Sauehald i Sogn & Fjordane. Les Strategidokument frå Fylkesmannen i S&F
Skal folk ha glede med stell av sau, er det ein sjølvsagt ting at dei som eig landbruksareal held gjerda sine. Dette har vore og er eit stort problem.
Nokre set sin lit til litt støtte frå SMIL-midlar. Etter å ha lese postlista til Eid kommune, ser ein at mange har fått sin SMIL-søknad i retur fordi det er manglar ved søknadane ma. er ofte mijøplan 2. ikkje med.
Grunneigarlaget, bondelaget, utviklingslaget og sankelaget burde gå saman om å få til ein plan for krinsen med tanke på gjerdehald. Problemet har vore handsama før - kvifor greier vi ikkje å kome vidare?

Gå til nyhendearkiv