Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Skyting på Holstøylen

Av Ole Thomas Humborstad

Leirdueskyting
I samband med tidlegare opplysning om skyting øvst i Kjølsdalen, har vi fått dette brevet frå Ole Thomas Humborstad. Trykk på headinga for å få fram all teksten.

Vedrørarande skyting på Holstøylen.



Eg er nyleg blitt gjort merksam på at nokre personar har reagert på at det foregår skyting på Holstøylen. Eg kan først seie litt om regelverket på området slik at ein unngår misforståingar. Kort sagt så er skyting på eigen grunn fullt lovleg, så lenge bestemte vilkår er oppfylde. Skyting regulerast av desse forholda:



Løyve frå grunneigar. Dette er vår eiga utmark, så her har vi i utgangspunktet eksklusiv rett til jakt og skyting.
Sikker bakgrunn. Bakgrunnen i skytefeltet på Holstøylen oppfyljer tryggleikskrava.
Dei lokale politivedtektene. Der kan vere område i Noreg der det er bestemte reguleringar iht. støy. Dette er ikkje tifelle i Kjølsdalen.
Nabolova. Det skal ikkje skytast i umiddelbar nærleik av fast busetnad, med mindre dette er avklara med naboane på førehand med tanke på støy. Er vi merksame på at det er folk på nabohyttene unngår vi å skyte med våpen med høgt lydnivå. Folk pliktar óg å gje beskjed om dei meinar lydnivået blir for høgt, eller om dei skulle ha andre innvendingar. Det er ikkje tilstrekkeleg at dei personleg mislikar at det foregår skyting, eller mislikar skytevåpen i det heile.
Skytinga skal ikkje vere av organisert karaktér. Skytinga på Holstøylen er høgst privat.


Dette er eit skriv frå ein jaktkonsulent i NJFF om skyting på privat grunn:



” Det er lov, med grunneiers tillatelse, å bedrive skyting på privat grunn. Forutsetningene er at du har grunneiers tillatelse, det sikkerhetsmessige er i orden, det ikke forstyrrer naboer, og at skytingen ikke har karakter av organisert trening (faste treningstider og montering av faste installasjoner).

I byer og tettbebygde strøk, kan det være politivedtekter som forbyr slik skyting. Det må du sjekke opp i forkant.

Utover evt. lokale politivedtekter, er det nok naboloven (grannelova) som her er mest relevant. Hvis skytingen medfører støyplager for naboene, vil skytingen kunne være forbudt jfr. naboloven. Hvis dette kan bli et problem, vil det være greit å ta en prat med evt. naboer i forkant, så slipper en klager.

Skytebanelovgivningen gjelder kun for permanente anlegg og organisert skyting. En kan likevel gå ut i fra tilsvarende sikkerhetskrav når en skal drive uorganisert skyting på privat grunn –dvs. sørge for skikkelig kulefang når du skyter med rifle, og sørge for tilstrekkelig sikkerhetssone når du skyter med hagle.”





Skytinga på Holstøylen er stort sett med handvåpen, og noko leirdueskyting med hagle. Det er diverre ikkje tilrettelagt for handvåpenskyting i Eid, så all slik skyting må føregå i privat regi.

Under oppkøyringa til storviltjakta blir det óg i større grad skote med jaktrifle for innskyting og testing av jaktammunisjon, i tillegg til ordinær trening. Ved skyteanlegget på Tua er dei lite begeistra for skyting med anna enn heilmantla ammunisjon i mindre kaliber (.22 - .308), bortsett frå under oppskyting til stortviltprøva. Grunnen er at jaktammunisjon med blyspiss og større kaliber lagar store hol i membranen til dei elektroniske skyteskjevene. Det har faktisk hendt at ein har blitt beden om å finne andre stadar å skyte grunna at dei ikkje finn ammunisjonen eller kaliberet egna. Det er her snakk om godt egna jaktvåpen med ordinær jaktammunisjon.



Holstøylen har óg blitt brukt til treningsskyting for fleire førstegongsjegarar, og der finn ein eit langt mindre stressande og meir egna område for folk som føler dei ikkje er heilt trygge på dette med skyting. På Tua står ein tidvis i kø for å skyte i tidsrommet før jakta startar.

Dei to kveldane pr. sesong Kjølsdalen skyttarlag er blitt tildelte ved skyteanlegget på Bryggja er óg langt frå tilstrekkeleg for å få den treninga ein treng for ei sikker og trygg jaktutføring. Mengdetrening hjelp!



Elles så er eg lite nøgd med måten eg blei gjort merksam på misnøya rundt skytinga på Holstøylen, men det diverre slik mange vél å gå fram. At folk grublar og snakkar seg imellom og ikkje tek problemstillinga opp med personane det faktisk gjeld, er berre grobotn for mistankar og misnøye utan noko blir gjort. Eg har frekventert Holstøylen for å skyte dei siste to åra,men har aldri personleg høyrt ei einaste klage frå nokon. Det skulle vere ei lite intrikat sak å finne ut kven som driv med skyting nettopp der. At slike saker skal kanaliserast gjennom og avgjerast av tredjepartar som heller ikkje set seg inn i begge sider av saka og kva regelverk som gjeld, er ikkje rett.



Politimann i Eid, Isak Husevåg, og grunneigar Kjell Humborstad har tidlegare kome til ei semje rundt skyting på Holstøylen, så politiet er informert. Ein kan evt. ta kontakt direkte med Isak Husevåg om det er anna ein lurer på. Elles så er eg å nå på telefon 95 75 25 86.

Grunneigar, Kjell Humborstad, kan nåast på telefon 90 14 27 77.

Jaktleiar i GKHH, Kjell-Tore Humborstad, kan nåast på telefon 41 51 06 90.







Om ønskjeleg kan det settast opp eit informasjonsskilt med bl.a. namn og telefonnummer ved Holstøylvegen når skyting pågår, slik at forbipasserande veit kva som skjer og kven dei skal kontakte.





Vonar dette var til hjelp, og at dei ansvarlege i framtida blir kontakta direkte om nokon har noko på hjartet.





Ole Thomas Humborstad

Gå til nyhendearkiv