Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Litt frå Sankelaget

Av jan Eide

Oppsetjing av sankehytta
Biletet er teke då ei klasse frå Måløy vg. skule sette opp hytta ved Langevatnet. Et par frivillege frå Kjølsdalen var og med. Dagen var 7/6 - 2007.
.
Arbeidet med sankehytta går sin gang. Bondelaget har laga til eit utetoalett slik at det er litt lettare å vere på hytta. Vi ber dykk gå attende til førre TAVLA og sjå kva vi ynskte av hjelp og utstyr. Dersom to spreke ungdomar melder seg, har vi eit bord som skal opp.

Opning av hytta blir 6 sept. Hytta står ulåst og skal kunne nyttast av alle. Ynskjer de overnatting, gje beskjed til Kjell Leite slik at det ikkje blir kamp om plassane. Er de inn om hytta, skriv i boka.

Skifte av øyremerke. Fint om de kan melde dette inn til styret, slik at det er litt lettare å finne rette eigar når ein finn dyr i fjellet. Helst før neste TAVLA.

Sankedagar: 26-27 sept og 3-4 okt. Vi vonar jaktlaga som er ute etter hjort, tek omsyn til dette.
Styret ved Kjell Leite

Gå til nyhendearkiv