Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Beite og Sankelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Alveld - sjukdom på sau

Vil knekke alveld-koden
alveld
Den beiterelaterte sauesjukdommen alveld har vore kjend langs kysten, særleg i Sør-
Norge, heilt sidan 1800-talet. Dei mest karakteristiske symptoma på alveld er hypersensitivitet overfor sollys, ødem og opne sår i hovudregionen, hovne augelokk, blindheit, avmagring og apati. Sjukdommen har ført til store økonomiske tap, og er problematisk med tanke på dyrevelferd. I 1920 vart sjukdommen knytt opp mot beiting på romeplanta, og sidan då har denne planta vore hovudmistenkt. Forsøk for å kartlegge årsaka har ført til mange spørsmål, og det er no på det reine at romeplanta aleine ikkje er nok til å framkalle sjukdommen. Dei siste åra har det vore jobba på spreng for å finne ”the missing link”, den ukjende tilleggsfaktoren. Les meir ved å trykke på overskrifta.

Beitelaget er interessert i opplysningar om alveld i vårt distrikt.

Dei seinare åra har Veterinærinstituttet ved Arne Flåøyen og Universitetet i Oslo, Biologisk institutt ved Ivar Mysterud vore dei ivrigaste aktørane. Det praktiske forskingsarbeidet har i stor grad sidan 1997 gått føre seg i Møre og Romsdal, finansiert av det no nedlagte Tiltaksfondet for småfe og fjørfe mm, samt BU-midlar frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Gjennom denne forskinga har ein styrka hypotesen om at det er fleire årsaksfaktorar til sjukdommen. Sopp har lenge vore lansert som ein mogleg kandidat, men etter nitidig detektivarbeid er dette sporet forlate.

Eit nytt spor er no lansert, knytt til blågrønbakteriar samla i ein særdeles innhaldsrik ”biofilm” som oppstår under planta snøkrypmose. Dette er ein svært vanleg plante i fjell- og dalsidene der også romeplanta veks og alveld oppstår. Eit breidt samansett team arbeider no med å kartlegge innhaldet i biofilmen. Spørsmålet er om nokon av organismane kan ha relasjon til alveld. Gjennom omfattande prøvetaking og analysering av vatn, vegetasjon og dyr, vil ein gjennom beiteprosjektet 2009 og stor eigeninnsats frå ulike institutt ved Universitetet i Oslo vonaleg kome eit godt stykke lengre i forståinga av årsaka til alveld. Det er all grunn til å gje honnør til leiaren for forskinga, Ivar Mysterud, for den formidable innsatsen som gjennom mange år er lagt ned i dette arbeidet. Det er av avgjerande betyding for beitenæringa langs kysten at forskinga får halde fram, og at ein kjem til botns i dette problemet.

Alveld gjev store lidingar for dyra, og det er viktig at jakta på årsaksfaktorane held fram. Foto: Nancy Aalmo

Gå til nyhendearkiv