Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Idrettslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Miniputt turnering og trenarkurs

Av Roar B

Utsetting av turnering 23 august og invitasjon til aktivitetsleiarkurs for barn

Turneringa vi skulle ha til helga, er flytta til den 30 august. Dette då Klenkarberget ikkje tåler belastninga etter det fuktige været vi har hatt siste tida. Det vert uansett turnering den 30. Skulle været fortsette på same måten, vert arrangmentet flytta til Eid Idrettspark og Idrettshallen. Men foreløpig håpar vi på bedre vær, slik at vi kan halde det på Klenkarberget. Ny arbeidsliste vert delt ut før helga.Kampoppsettet vert lagt ut så snart vi har fått bekreftelse frå alle klubbar om kva lag som skal vere med.

Så har vi fått invitasjon til aktivitetsleiarkurs frå Haugen IL. Kurset startar fredag 2 oktober kl. 18.00 og er ferdig laurdag 3 oktober ca. kl. 15.00. Kurset er eit aktivitetsleiarkurs, dvs eit grunnkurs retta mot foreldre og andre som kan tenke seg å trene unge mellom 6 og 12 år. Vi må alle jobbe for at så mange som er råd deltek.Snakk derfor om dette til venner og kjende.

Ta kontakt med Roar dersom de er interesserte i å vere med på dette kurset. Vi treng fleire som kan ta del i treningane for ungane våre, så vi håpar at vi får positive svar.


Gå til nyhendearkiv