Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Striden mellom Hans Petter Gilleshammer og Jan Eide er over

Av Jan Eide

I Fjordabladet på laurdag kom det fram at Jan Eide orsakar. Dette er omvendt av verkelegheita og fylgjande e-post er sendt til Fjordabladet:

"Retting.

Språk kan vere vanskeleg, og det skal lite til for at innhaldet blir omvendt av det som var tanken.

Overskrifta " Jan Eide orsakar" er det ikkje eg som har formulert. Sanninga er omvendt. Det er Hans Petter Gilleshammer som orsakar, etter krav frå meg.

Dette har vi skværa opp i og skulle såleis vere ferdige med problemet.

Vonar Fjordabladet kan vere med å rydde av vegen mistydinga.
mvh Jan Eide "

Dette til orientering for dei som har vore opptekne av problemet.

Gå til nyhendearkiv