Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Ny runde med debatt om nedlegging av Kjølsdalen skule

Av Jan Eide

Inge Gjul
Inge Gjuul var den som organiserte skulestrukturen i Eid slik den er i dag. Mange seier det er ein god struktur. I Fjordabladet i går laurdag ser vi at adm i Eid vil ta opp att debatten om skulestrukturen i Eid.
Eg vil oppmode folk i krinsen om å ta dette på alvor. Vil de framleis ha skule i krinsen må de vere aktive og sei dykkar meining. Det er forseint når "moldvarpane" har gjort sitt. Politikarane som er innvalde frå krinsen bør samlast og diskutere kva dei kan gjere for ytre del av Eid kommune. Desom nokon har meiningar og vil at andre skal få sjå dei, skriv eit innlegg til jaei@online.no og eg vil legge det ut under fullt namn. Starten på saka blir på onsdag i møte som oppvekstutvalet skal ha. Dårleg start - dårleg resultat. Sidan alt skal vere så demokratisk(?) bør vi alt no kome med dei argument vi har. Jan Eide

Gå til nyhendearkiv