Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Reguleringsplanmøtet i Lefdal

Av Jan Eide

Sigmund
Sigmund Larsen leia det tillyste møtet om reguleringsplanen og problem med fiskeoppdrett i Lefdalsvika. Interessa var stor sidan mellom 40 og 50 personar møtte fram. Møtet starta med ein bruramarsj frå Nordfjord utført av Vindfylla spelemannslag. Deretter viste Sigmund oss rundt i bygda med bilete på skjerm. Sigmund til venstre.
sindre
Sindre Kvalheim fekk deretter ordet og fortalde om LocalHost sine planar om å nytte dei uttekne sjaktene i gruva til oppbevaring av data. Han fortale om at dei alt hadde fått 500 000 til eit forprosjekt og at dei no var i startfasen på eit større prosjekt til 5 mill. kroner der Innovasjon Norge alt hadde sagt ja til 45% som bidrag. Meir ved å trykke på overskrifta.

Ideen er å nytte fjorden for utveksling av varme frå anlegget. For å få til prosjektet må ein få til samarbeid med grunneigarane og North Cape i løpet av dei neste 14 dagane. Det er kome inn fråsegn frå LocalHost, frå grunneigarane og havnesjefen i Måløy til reguleringsplanen der alle åtvara Eid kommune om å ikkje gjere noko overila ved å tillate fiskeoppdrett. Sigurd Reksnes, sjef for teknisk, orienterte om korleis saka har vorte handsama. Han konkluderte med at saka truleg kom opp som ei meklingsak mellom stat og Eid kommune.
Varaordførar Åshamar som møtte i staden for Sonja Edvardsen (ordførar) snakka litt om næringsutvikling i bygdene. Det var tydeleg at det kunne vere opning for å finne alternative plassar for fiskeoppdrett.
per ole
Per Ole Lefdalsnes som hadde blitt intervjua i dagens Fjordablad om dette med fråsegn var ikkje samd i brevet frå direktoratet og meinte dei var på tynn is. Han meinte dei ikkje hadde teke omsyn til det viktigaste: heilhetsvurdering.
Steinar Kvalheim hadde synt bilete av gruvene slik at ein fekk inntrykk av størrelsen på prosjektet.
Håkon Ivar Olsen (havnesjef) kunne fortelje at det ikkje var plass til både oppdrettsanlegg og rør og ledningar frå eit slikt dataprosjekt. Skulle han velge, måtte det bli å vrake oppdrett. Kanskje flytte det inn om Midthjell der det skulle vere plass nok.
Møtet slutta av med ein vals frå Ervik der Gerd Fløde Bjørlo og Hans Lefdal svinga seg på golvet. Det blir kanskje ein lukkeleg utgang på ei vanskeleg sak.

Gå til nyhendearkiv