Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Arbeidsmøte om rullering av handlingsplanen 2008-2012

Av Jan Eide

kommentarmøte
På biletet: 3 av dei som møtte, Jan Johansen, Kristin og Hans Petter.
I går hadde vi møte i KKUL om rullering av handlingsplanen for kommuneplan 2008-20012. Det er sendt inn kommentarer til planen til Eid kommune og til Fjordabladet. Takk til lokale politikarar som møtte fram: Kjell Arne, Geir, Ann Magritt, Kristin og Hans Petter.
No får vi vone at det blir framdrift av det. Ikkje røyv skulen og la ideane blomstre i vår krins også. Riv ein grunnsteinen - ramlar heile huset!

Trykk på overskrifta for å lese kommentarane.

Utviklingsplan for Eid kommune 2008-2012. Rullering av Handlingsdelen – Innspel frå KKUL.

KKUL hadde møte på Kjølsdalen skule 13.10.2009 og gjennomgikk Utviklingsplanen for Eid kommune 2008-2012 med dei 4 tiltaksområda: Næringsliv – turisme – infrastruktur og marknadsføring og profilering.

4.1.1 Kommunalt Næringsfond.
Sjølv om midlane er små, bør også søkjarar frå ytre del av krinsen ta del i desse. Jan Johansen som har søkt to gongar 2007 og 2008 har fått avslag kvar gang. KKUL forventar at når folk er viljuge til å satse, får dei og positiv tilbakemelding.
4.2.1 Næringsliv.
4.2.1.1 Deltaljhandel.
e) Joker er einaste butikk utan om butikkane på Nordfjordeid. KKUL ynskjer at dei som driv butikk her skal få høve til å utvikle seg vidare. Ein bør difor sjå butikken saman med øvrig boligmasse, kaia og strandsona her som eit utviklingsområde. Det bør setjast i gang arbeid med reguleringsplan som tidlegare er vedteke av kommunestyret. KKUL har fått laga plan frå neset og ut til Vindfylletunnellen av Nordplan.

4.2.1.4 Tenesteytande næring.
c) Knytte butikk, kai, Kirsebærhagen saman i eit konsept om turisme. Eid kommune bør med i ei samhandling om å leige ut Kirsebærhagen når det er ledig der. Ein bør innreie fleire bygningar for korttidsleige eventuelt nytte eksisterande.
d) Eid kommune bør kunne gje løyve til å byggje naust og innreie rom for turisme langs strandsona i sentrum for å skape miljø.
4.2.1.5 Industri.
Kjølsdalen krins er den einaste krinsen som ikkje har areal ledig for industri.
c) Vidareutvikle og sikre framtidig drift av Lefdal mine samstundes som ein samarbeider om prosjekt for bruk av tome olivinhallar til datalagring.
d) Arbeide for å få til industriareal i Årdalsvika (Dalen). Vatn kan nåast frå det framtidige off. byggefelt 2 i Kjølsdalen.
e) Ta bort oppdrettsanlegg i Lefdalsvika og plassere dette på andre erstatnings lokalitetar i kommunen.
4.2.1.6 Landbruk.
c) Stimulere til småskalanæring som bioenergiutvinning. Med to byggefelt snart klare, bør ein her kunne sjå framover og nytte ressursar som finst for dei som skal byggje.
d) Gjerdehald. Finne løysingar på korleis ein kan halde dyr på område dei skal vere og ikkje som no der folk sluttar på grunn av problem med gjerdehald. Eid kommune bør med sine folk innan landbruk prioritere dette.
4.2.1.8 Kultur.
e)Utvikle bygdehusa Lefdal, Haus og Kjølsdalen til meir aktivitet for ungdom. Kultur er meir enn det som går føre seg i sentrum.
4.2.2 Turisme.
4.2.2.5 Kjølsdalen Krins.
a) Få orden på moloområde til Arne Kjøllesdal. Her bør ein kunne gje mogelegheiter for nausttomt til tilflyttarar og inntening på turistar ved utleige av båtar et til fiske
b) Hjortejakt. Etablere samarbeid om utnytting av hjortebestanden i krinsen – med utleige av hytter.
c) Utbygging av hyttefelt. I Kjølsdalen er det i arealplanen lagt til rette for det.
d) Samarbeid med butikken og andre servicesenter i kommunen (Harpefossen) om booking.
4.2.3 Infrastruktur.
c) Nærmiljøanlegg (ballbinge) gjerast ferdig.
d) Lage undervisningsmiljø rundt Kjølsdalen skule: Saltvatn, brakkvatn, ferskvatn og jordbiotopar ligg utruleg godt til rette.
4.2.3.2 Bustader
d) Fullføre off.byggefelt i Kjølsdalen steg 2.
e) Oppmode til meir spreidd busetnad saman med bygging i privat og off. byggefelt i krinsen for å redde skulen og bygdene.

4.2.3.4 Barneskulane.
b) Skulen skal ikkje røyvast
c) Kvifor skal ein ikkje satse meir på realfag i barneskulen når ein skal prioritere det på ungdomskule og vg. skule?
4.2.3.7 Kommunikasjon.
g) Avkøyrsle Tømmestøl-riksveg 15 bør ordnast før liv går tapt. KKUL har alt knytt eigar av eigedom ved krysset og Eid kommune saman for forhandlingar. Hastar.
h) Avkøyrsle på riksvegen ved Hatlegjerde sitt hus i Kjølsdalsstranda og gangveg langs R15. Dette er ei gamal sak som burde vore løyst for lengst. Er det kommunen eller vegvesenet som stoggar det heile?
g) Sikring av vegane – hindre utforkøyring. KKUL har tidlegare peika på dette i brev til kommunen. Kan bli erstatningsansvar om uhell skjer.
4.2.3.8 Miljø.
d) KKUL held på med lysprosjekt: Lys i alle bygdene. Eid kommune bør ikkje gjere skilnad på dei som bur i kommunen, men betale for utgiftene til straum. I dette tilfelle LED-lys som er rimelegare i drift en vanlege glødelamper.
4.2.3.9 Nettverk og informasjon
b) Få fortgang i ein portal for heile kommunen. Eidaportalen som mange brukar er stadig ute av drift. Portalen bør innehalde mogelegheiter til direkte karttilknyting. Det bør og bli lettare å få link til alle tilsette i Eid kommune. Portalen bør vere meir profesjonell.

Gå til nyhendearkiv