Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

KKUL har fått brev om resultat av mogeleg rullering av utviklingsplan for Eid kommune

Av Jan Eide

Logo KKUL
KKUL var ein av dei 7 som hadde sendt innspel til utviklingsplan for Eid kommune 2008-2012. De kan lese om kva framlegget går ut på i denne linken FRAMLEGG TIL RULLERING
Når det gjeld krinsen sine ynskje som er komne med, kan nemnast: Traffiksikring og fullføring av gangveg langs rv 15, arbeide for å få til industriareal i Kjølsdalen krins, Vidareutvikle og sikre framtidig drift knytt til mineralutvinning og/eller alternativ bruk i Lefdal gruver. Men les sjølv...

Framlegget til handlingsplan skal sendast ut på høyring og annonserast i lokalavisa med ein frist på 30 dagar å kome med innspel. Deretter skal planen handsamast i formannskap og kommunestyre før den blir endeleg vedteken

Meir ved å trykkje på overskrifta.

Kanskje ein burde ha med olivinforekomstane i Kjølsdalen? Kva med fiskeoppdrett som burde gå inn under industri/landbruk. Kva med reguleringsplan for Kjølsdalen - noko som kanskje kunne gje ei løysing på bruk av strandsona der og med det bruk av vestre delen av Eid kommune med butikk, kai, opplevelse som fisking, turar i terrenget og bruk av sætrane.

De kan lese heile forarbeidet til kommentarane ved å trykkje på lag og org og gå inn på Kjølsdalen krins utviklingslag og leite dykk nedover.

Gå til nyhendearkiv