Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Julekonsert med garanti om julestemning

Tradisjonen tru arrangerer Kjølsdalen musikklag julekonsert siste søndagen før jul, og konserten kjem med garanti om julestemning. Vi håpar mange tek turen til Kjølsdalen kyrkje søndag 20. desember kl 15.00.

I Kjølsdalen kyrkje samlast musikkutøvarane i ytre delar av Eid kommune for å setje bygdefolket i julestemning. Kjølsdalen musikklag arrangerer alltid konsert siste søndagen før jul og inviterer med seg små og store musikkollegaer frå krinsen.

Kjølsdalen skulemusikk, Vindfylla spelemannslag og Kjølsdalen yngres er sjølvskrivne gjester. Frå kulturskulen kjem Per Haus Nore og Matilde Leite Yri som skal spele piano for oss. Begge blir akkompagnerte av Olga Pavlova. Ho dirigerer òg Stårheim songlag som har vore faste aktørar på julekonserten. Dei har sitt sete i nabobygda Stårheim, men har medlemmer frå heile kommunen, fleire av dei frå Kjølsdalen. Pavlova skal også akkompagnere songsolisten Ida-Maren Lågeide Midthjell.

Programmet tilseier at dei som ikkje har fått julestemning fire dagar før den store dagen, vil få det i Kjølsdalen kyrkje søndag. Det lyser i stille grender, Eg er så glad kvar julekveld, Den store stjerna, O helga natt og Den hellige stad er blant numra som skal framførast. Allsongar blir det sjølvsagt òg. Tradisjonen tru reiser publikum seg og avsluttar heile konserten med Deilig er jorden, til tonefølgje av arrangør Kjølsdalen musikklag.

Terje Gilleshammer er for andre året på rad konferansier for det heile. Han kjem frå Kjølsdalen og er ei velkjend stemme i NRK Sogn og Fjordane.

Det vert kollekt ved utgangen til dekking av utgifter.

Program for konserten:
Kjølsdalen skulemusikk
Allsong: Det lyser i stille grender
Kjølsdalen Yngres
Vindfylla spelemannslag
Per Haus Nore (piano)
Matilde Leite Yri (piano)
Ida-Maren Lågeide Midthjell (song)
Stårheim songlag
Allsong: Eit barn er født i Betlehem
Kjølsdalen musikklag
Allsong: Deilig er jorden

Gå til nyhendearkiv