Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Styremøte 17.02 og saklista til Årsmøtet 25.02

Av Jan Eide

Logo KKUL
Referat frå styremøtet i går kan de lese ved å klikke på overskrifta.

Referat frå styremøte 17.02.2010

Desse møtte: Jan , Wenche, Audhild og Sigrunn.

1. Brøyting av bygdevegen forbi vasshuset i Mattisbakken opp mot Dalsætra. Hanna Leite har bede KKUL ta opp med kommunen om det ikkje er råd for framtida å forlenge brøytinga ein 2-300 m opp til grushola. Kommunen har ansvar for vedlikehald av vegen. Leiar skriv eit brev til kommunen og spør om dette er mogeleg.
2. Lysprosjektet. Wenche orienterte. 17 lampar er bestilt og skal monterast så snart som mogeleg. Resten blir bestilt og sett opp når snøen er borte.
3. Kommunen sin søknad om trafikktryggingsmidlar. I møte i teknisk i Eid kommune har KKUL blitt lova at vi skulle stå øvst på lista over delprosjekt når midlar skulle delast ut. Dette gjeld vegen opp til Gillesdal i Ervik der ein ville bruke midlar til eit samarbeid om veg og lys. Etter dei undersøkingar Wenche har gjort ser dette ikkje ut for å gå i orden. Det ser ut for at søknadssummen som Eid kommune hadde søkt om, vart alt for stor for dei som skulle tildele midlar. Wenche arbeider vidare med saka.
4. Innkomne saker til Årsmøtet. Torfinn Myklebust hadde sendt inn ynskje om vedtaksendring på kven som har høve til å delta på årsmøtet dersom styret meiner at det er kun dei som har betalt kontingent for 2009 som har rett å møte på årsmøtet for 2009. Styret i KKUL vil presisere dette: Alle medlemar kan møte på årsmøtet, men det er kun dei som er medlemar for året som har stemme – og talerett på årsmøtet.
5. Bygdeprisen for 2009. Det vart bestemt kven som får prisen for 2009. Utdeling og kven som får den blir gjort kjent seinare på eit eigna arrangement.
6. Årsmøtet. Ein føl laget sine reglar for årsmøtet. Under §5 pkt. 10 tek ein opp om ein skal handsame den innkomne saka til Torfinn Myklebust. Under pkt 11 tek ein opp om ein skal heve medlemskontingenten.

Gå til nyhendearkiv