Kjølsdalen krins

Bygdeavisa Tavla - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Er du interessert i framtida til Kjølsdalen Ungdomslag?

Av Styret i Kjølsdalen ungdomslag

Alle som er interessert i å vere med på å påverke framtida til Kjølsdalen ungdomslag vert oppmoda om å møte årsmøtet 14. mars klokka 20.00 i Kjølsdalen Samfunnshus.

Kjølsdalen ungdomslag har i ei periode drive med ein minimusaktivitet. Dei siste to åra har einaste aktiviteten i laget vore drift av Bygdekinoen og TAVLA. Begge desse aktivitetane er reine utgiftsaktivitetar og ein har difor tært på eigenkapitalen. (Klikk på overskrifta for å lese meir!)

Tradisjonelt har ungdomslaget hatt god øknomi og store sikre inntekter frå flakedansane. Gjennom ei tiårs-periode har ein sett at oppslutninga om flakedansane gradevis har vorte redusert, og at det ikkje har gitt samme inntektene som tidlegare. Det har også vore meir utfordrande å få frivillige til å stille opp som dansevakter. Styret meinar at ein ikkje kan halde fram drifta utan at det blir teke grep for å sikre laget nye inntekstgjevande aktivitetar.

Styret inviterar difor årsmøtet til drøfte tre vegar vidare for ungdomslaget:

1. Vidare drift:
Dersom årsmøtet ynskjer vidare drift i ungdomslaget må årsmøtet velje nytt styre, og legg planar for korleis ein kan revitalisere laget for å sikre vidare drift. Åsmøtet bør drøfte kva aktivitetar laget skal drive med og korleis ein skal sikre laget naudsynte inntekter til vidare drift.

2. Innstille aktiviteten for ei periode:
Årsmøtet kan velje å instille aktiviteten i laget for ei periode. Dersom årsmøtet vel ei slik løysing, så må det veljast eit nytt styre, men det vert lagt opp til at aktiviteten i laget vert halde på eit minimum for ei periode på for eksempel 2 år, før ein på ny tek stilling til framtida til laget. Med ei slik løysing vil ei viktig oppgåve for styret vere å finne ut korleis ein kan sikre vidare drift av Bygdekinoen og TAVLA.

3. Avvikling av laget:
Dersom årsmøtet vel å legge ned Kjølsdalen ungdomslag, så bør årsmøtet ta stilling til kven som skal overta midlar (pengar, lys/lydutstyr og flaken) som laget har. Årsmøtet bør også ta stilling til korleis ein kan sikre vidare drift for TAVLA og Bygdekinoen. Dersom årsmøtet vel å leggje ned laget, så må dette gjerast med 2/3 flerital på to påfølgjande årsmøter.

Styret meinar at uansett kva løysing årsmøtet vel, er det viktig å sikre vidare drift av TAVLA og Bygdekinoen. Dette er viktige aktivitetar for alle i krinsen.

Vel møtt til ein konstruktiv diskusjon om framtida til ungdomslaget!

Styret

Gå til nyhendearkiv