Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

KKUL i farta igjen

Referat og saker frå styremøte i KKUL 08.04.2010

Logo KKUL
På årsmøtet i KKUL greidde ein ikkje å få valgt leiar. Styret er samansett slik: Jan Eide vara Sigrun Gilleshammer, Amund Sundal vara Øystein Leite, Helga Odden Reksnes vara Reidar Grov, Ståle Lefdal vara Cato Albrigtsen, Wenche Stadheim vara Reidar Erviksæter.

Styret er organisert slik:
Leiar: Jan Eide.
Nestleiar: Wenche Stadheim
Sekretær: Helga Odden Reksnes
Styremedlem: Amund Sundal og Ståle Lefdal.
Trykk på overskrifta for å få fram ref. frå styremøtet.

Kjølsdalen utviklingslag
Styremøte 8. april 2010, kl. 2000 – 2200 på Bygdekontoret

Desse møtte: Ståle Lefdal, Amund Sundal, Jan Eide, Wenche Stadheim, Øystein Leite, Helga Odden Reksnes (ref)


Referat

1. Konstituering av styret
Eide orienterte om laget si historie. Det skal veljast leiar, nestleiar og sekretær.
Vedtak
Leiar: Jan Eide.
Nestleiar: Wenche Stadheim
Sekretær: Helga Odden Reksnes

Leiar er ansvarleg redaktør for laget si nettside. Det blir gjeve ein årleg kompensasjon på kr. 10.000,- til leiar/ansvarleg redaktør for utgifter i samband med bruk av EDB-utstyr og kontorarbeid.

2. Prosjekt ”Gatebelysning”
Wenche Stadheim orienterte om status.
Vedtak
Utgreiinga blei teken til orientering. Stadheim oppdaterar om status via nettsidene.

3. Nettsider
Eide orienterte. Det er viktig å stimulere fleire enkeltpersonar og lag/foreiningar til å bidra med stoff til nettsida. Styret bør vurdere tiltak for å auke aktiviteten på nett.
Vedtak
Styret vil drøfte korleis aktiviteten på nettsida kan auke på neste møte.

4. Søknad frå FAU Kjølsdalen skule
Søknad datert 17. mars om støtte til kurs for barn om medievold. Styret drøfta saka.
Vedtak
Styret meiner slike kurs er ei kommunal oppgåve.

5. EBD-maskiner på bygdekontoret
Tre, eldre men komplette maskiner skal avhendast.
Vedtak
Eide lager annonse til nettsida. Interesserte kan få maskinene gratis mot henting.

6. Bygdedagar 2010
Eide orienterte. Det planleggast 2-3 dagar i juli/august. Utviklingslaget har to personar i prosjektgruppa.
Vedtak
Utgreiinga blir teken til orientering.




-------------------------------------------------
Referat frå årsmøtet i KKUL 25.02.2010

REF frå årsmøtet 25.02.2010


1. Opning av møtet ved leiar Jan Eide.
2. Jan Eide vart vald til ordstyrar, Audhild Humborstad til å vere referent og Sigrun Gilleshammer og Cato Albrigtsen til å skrive under møteprotokollen.
3. Innkalling og sakliste vart godkjend.
4. Årsmeldinga for 2009 var godkjend. Årsmøtet vart retta til 2010.
5. Årsrekneskap vart godkjend utan merknad.
6. Valnemnda ved Dianne Eikås tok over valet. Wenche Stadheim ynskte ikkje å vere leiar. Styret skal konstituere seg sjølve og finn fram til ein ny person i valnemnda innan utgangen av 2010. Ny for Terje Johnsen vart vald Helga Odden Reksnes. Vara for ho vart Odd Grov. Amund Sundal vart vald som ny styrerep. for Audhild Humborstad. Vara for Amund vart Øystein Leite.
7. Innkomne saker: A) Endring av §6 Stemmegjeving. Alle vedtak og val i utviklingslaget sine organ skal avgjerast med alminneleg fleirtal. Alle personar, lag og næringsdrivande som har betalt medlemskontingent innan 2 mnd før årsmøtet har stemmerett. B) Kontingenten blir heva frå kr. 100.- til kr. 150.-

Gå til nyhendearkiv