Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kort referat frå møtet om næringsutvikling i Eid

Strategimøte

Av Jan Eide

Eid sentrum © Bodil Sønderland Fotograf: Bodil Sønderland (Google)
Vel 60 personar hadde møtt fram. Frå ytre kunne ein registrere at Ove Kjøllesdal (næringslivet på Nordfjordeid), Geir Lefdal (formannskapet) og Jan Eide (leiar KKUL) var til stades. Rådmann Forthun sa etter at varaordførar Åshamar hadde ynskt velkomen, at etter 8 mnd i rådmannstolen er det på tide at ting tek til å skje. Han viste fleire ganger til Måløy vekst utan å seie at dette var vegen å gå. Arve Espe leiar for Eid sentrum, orienterte om arbeidet i sentrum og la vekt på at ein ikkje måtte gløyme dei frivillige som ofte stiller opp. Han kom med oppmoding til handelsnæringa om at dei måtte nytte høvet til lengre opningstider under større tilstelningar. Fleire kom inn på det same seinare i sine foredrag. LES MEIR ved å trykke på overskrifta...

Kjell Storeide Kjell Storeide med lang erfaring i leiande stillingar i bedrifter/konsern og utallige styreverv hadde eit engasjert og interessant foredrag om korleis få til utvikling. Han la stor vekt på å ha åpenhet og satse på dei som vil noko. "Hoppe over dei som sover".. Ein bør ta vare på eldsjelene og la til: ein kan aldri kommandere deg til utvikling. Han var for åpne løysingar og samarbeid sjølv om ein konkurrerte mot kvarandre. Kjerne-essensen til å få folk til å flytte til kommunen: bulyst = jobbattraktivitet.
I innlegg frå næringslivet sa ma. Ove Kjøllesdal at ein må satse på langsiktig garantert finansiering, Pengane må ligge i botnen og samarbeid må vere tverrfagleg. Kommunikasjon skaper nettverk, og det er viktig at rett person møter rett person. Ein prosess må vere politisk uavhengig.
Anders Skipenes (Sparebanken Sogn og Fjordane) la stor vekt på fellesskapsløysingar i Nordfjord. Kommentarar som "Eid-Gloppen er indrefile i Nordfjord" - er dårleg start på samarbeid mellom kommunane i Nordfjord. Dette vart brukt som eit argument etter felles formanns-skapsmøte mellom Eid og Gloppen for litt sidan. Han var og inn om kampen mellom dei vg. skulane i regionen.I dag har vi 4. Eelevtalet er på veg ned. Kva vil skje om vi ikkje samarbeider?
Mars Andersson såg på Eid som ein innflyttar. På ein entusiastisk og engasjerande måte fortalde han kva han såg i Eid. Det gjekk fort unna, men publikum likte det dei fekk høyre. Mogelegheitene er her om vi greier å gjere noko av det som vart føreslege.

Personleg kommentar: Det viser seg stadig at folk ikkje forstår skilnaden på Eid og Nordfjordeid. Det blir alt for mykje sentrum og lite om distrika rundt Nordfjordeid. Det var så vidt nemnt Lefdal Gruver og Harpefossen på møtet, begge med store utviklingsmogelegheiter og eit veldig potensiale. KKUL har fleire ganger bede Eid kommune om hjelp til planleggjing (Kjølsdalsstranda 2002) og hjelp til å finne industriareal i Kjølsdalen, men lite er blitt gjort. Det er trist å oppleve gang etter gang i kampen om sentralisering der Eid ikkje må bli taparen, så gjer vi omtrent det tilsvarande i vår eigen kommune. KKUL gjorde i 1998 ferdig ei stor undersøkjing om vilkåra i Kjølsdalen Krins. Rapporten er tilgjengeleg på KKUL og er skikkeleg gjort. Klikk på Behovs og ressurskartlegging. Eg trur få i adm. og politikara i Eid kommune har lest den. Gjer det no.
mvh
Jan Eide

Gå til nyhendearkiv