Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Referat frå siste styremøte

Av Jan Eide

Logo KKUL
Styremøte i KKUL 13.12.2010

Desse møtte: Øystein Leite, Odd M Grov, Wenche Stadheim, Ståle Lefdal og Jan Eide (ref) Start kl 2000.

Saker:
1. Referat frå kva som har skjedd frå forrige styremøte. Leiar orienterte. Godkjent
2. Nytt medlem i valnemnda. Styret vil be Silje Rylandsholm om å gå inn som 3. person saman med Dianne Eikås (2010) Roar Bakke (2011). Leiar tek kontakt med Silje.
3. Oppfylging av tidlegare medlemar. Ved gjennomgang av medlemslistene for 2010 ser ein at det er mange som ikkje har betalt for 2010. leiar sender ut giro og eit skriv til desse. Etter årsmøtet for 2010 blir det ein større vervingskampanje for å skaffe medlemar til laget. På siste årsmøtet (for 2009) vart det bestemt at det er dei som har betalt medlemskontingent for 2010 som har stemmerett på dette årsmøtet.
4. Årsmøte for 2010. Det blir halde måndag 7/2 – 19.00 Wenche organiserer servering.
5. Wenche orienterte om lysprosjektet og bruk av pengar. I denne veka blir arbeid med å montere lysarmatur i Ervik og opp til Tømmerstøl starta opp. Det er her stolpar er reist og dugnaden har vore størst. I Kjølsdalen (11 pkt.) skal armatur opp på eksisterande stolpar og blir fyrst montert på nyåret. Av lysbudsjettet er det no att 45000.- og etterkvart lyt ein ta av KKUL sin høgrentekto. for å greie utgiftene. Heile prosjektet kjem på ca 450 000.- Kronerullinga til lysprosjektet har gått dårlegare enn forventa. Pr. i dag er det kome inn 37500.- Drifting av lyspunkt kostar, KKUL tek etter jul kontakt med dei enkelte laga i krinsen for å finne ei løysing på dette problemet. Lysprosjektet er for alle i krinsen og på dette grunnlag har vi fått kr 200 000,- frå Gjensidigefondet. Vi har inne ny søknad, men får truleg ikkje noko i fyrste omgang.

Møtet slutt kl 2215.

Jan Eide referent

Gå til nyhendearkiv