Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Medlemar i KKUL i fjor som ikkje har betalt i år

Logo KKUL
Som de har sett frå referatet frå siste styremøte i KKUL er det ca 30 stk som ikkje har nytta bankgiroen som vart lagt ved TAVLA. Vi har ikkje lagt ut namn på desse på nettet, men underteikna er pålagd å innhente nokre av desse for å få dei som medlem for 2010 også. Vi er heilt avhengig av medlemar om vi skal få til noko. No er vi inne i sluttfasen på lysprosjektet og treng støtte som aldri før.
Eg kjem til å gjere fylgjande: Alle eg har e-postadresse til får tilsendt medlemsoversikta for 2009 på e-post. Lag og org. som har vore/er medlem er lagt ut på nettet. Om nokon lurer på noko, sende meg eit brev eller ein e-post. jaei@online.no. Skal de vere med på årsmøtet må de ha betalt for 2010. I 2009 var vi 87 medlemar, i år er statusen 56. Etter mitt syn bør fleire i familien vere med. Prisen er kr 150.-/stk og kan betalast til kto 3790.10.78166
KKUL er eit lag for heile krinsen og trengst ikkje minst for å vinne fram mot sentraliseringa som går føre seg i samfunnet. Om skulen blir lagt ned, er vi ei bygd på veg nedover. Men kom med tankane dykkar - og set dei ut i livet gjennom dei org. du er medlem av.


mvh Jan Eide leiar KKUL

Gå til nyhendearkiv