Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Litt historie og litt gledeleg nytt

Av Jan Eide

Kari Myklebust bur utanfor Oslo i Kolbotn og er levande interessert i Kjølsdalen og utviklinga her. Av og til treff eg henne på Facebook, som i dag. Då dukka dette biletet opp. Det er teke nedanfor huset på 111-5. Vi ser mora Solveig og broren, noverande eigar, John Kjøllesdal. I boka til Astrid finn de meir på side 307 - 312 om bruket.
Kari Myklebust
Frå historie til gledeleg nytt.
Anders Kjøllesdal og kona Kine har teke med seg ungane Johannes og Hermann heim til Kjølsdalen for å ta over og drive bruket. Dette står det respekt av, og vi ynskjer dei hjarteleg velkomne. Treng de hjelp er det berre å seie frå. Biletet under er teke av Tor Kvien og viser at Anders med fam. alt er i gang med drifta. Her skal kyrne inn for melking.
Anders Kjøllesdal

Gå til nyhendearkiv