Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Sakliste til årsmøtet 7/2 og ref frå siste styremøte

Av Jan Eide

Logo KKUL
Saklista til Årsmøtet:
Vanlege årsmøtesaker. Trykk på linkar til venstre og deretter Kjølsdalen Krins Utviklingslag og om oss.

I tillegg kjem det opp to saker:
Kva vil vi med KKUL framover?
Kva vil vi med bygdakontoret?

Det blir enkel servering m kaffi og heimebaka kake.
Trykk på overskrifta for å få fram ref. frå styremøtet.

Kjølsdalen Krins Utviklingslag
Styremøte 30. januar 2011, kl. 2000 – 2130 på Bygdekontoret

Desse møtte: Jan Eide, Wenche Stadheim, Amund Sundal, Cato Albrigtsen, Helga Odden Reksnes (ref)


Referat


1. Butikken vår – oppgjer av lån
Eide orienterte. Krav er fremma innan annonsert frist.

Vedtak
KKUL avventar til oppgjer frå avviklinga av butikken er klart.

2. Webside.
Eide orienterte. Leverandør av aktiv nettside har enno ikkje respondert på ynskje om å flytte relevant arkivstoff frå tidligare servar.

Vedtak
Eide purrar på leverandør.

3. Bygdeprisen 2010
Eide orienterte. Utviklingslaget har etterlyst kandidatar gjennom Tavla og på eigne nettsider.

Vedtak
Styret samla seg om ein kandidat. Namn blir kunngjort på årsmøte.

4. Innkomne saker til årsmøte
Det er ikkje registrert nokre innkomne saker. Styret var samde om å ta opp to saker til drøfting i tillegg til vanlege årsmøtesaker.

Vedtak
Styret legg fram to saker i tillegg til vanlege årsmøtesaker:
1. KKUL – kva vil vi med laget framover?
2. Bygdekontoret – behov og bruk

5. Bygdekontoret
Eide orienterte. Vedlikehald av kopimaskin er bestilt.

Vedtak:
Utgreiinga tas til orientering.


6. Lysprosjektet
Stadheim orienterte. Oppmontering av armatur starta før jul. Pr. dd. gjenstår 14 av dei punkta som er planlagd sett opp. Oppstart innan kort tid. Punktet på Reksnes/Lund avventar avklaring når det gjeld plassering. Økonomiske bidrag: frå 17. mai komitéen, Gjensidigefondet, Utviklingslaget, kronerulling og arrangement. Økonomien er under kontroll. Når alle lyspunkta er på plass må spørsmålet om drifting løysast.

Vedtak
1. Utgreiinga tas til orientering.
2. Når alle lyspunkta er på plass vil KKUL ta initiativ til ei møte med alle lag og organisasjonar for å finne fram til ein effektiv driftsorganisasjon.

7. Saksliste til årsmøte
Eide orienterte. Årsmøte blei kunngjord på KKUL si nettside i tråd med vedtektene sine krav om kunngjering fire veker på førehand. I tillegg vart årsmøte annonsert i Tavla. Framlegg til saksliste skal sendast ut 1 veke innan årsmøte.

Vedtak
Saksliste publiserast på KKUL si nettside måndag 31. januar.

8. Høgskulen i Sogn og Fjordane
Eide orienterte. Det har kome spørsmål frå høgskulen med ynskje om innspel til eit evalueringsprosjekt om Bygdeutviklingsprogrammet. Eit spørjeskjema skal fyllast ut. KKUl har vore med i bygdeutviklingsprogrammet. Forespørselen gjeld eit samarbeidsprosjekt mellom Polen og Norge. (Frå førespurnaden):Studien av bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane er ein del av ein samanliknande studie av bygdeutvikling i Noreg og Polen. I studien ser vi på organiseringa av lokale utviklingsprogram og kva dei har hatt å seie for bygdesamfunna. Vi gjer også ein studie av kva samarbeid og nettverk i bygdene har å seie for utviklinga der. Dette kan også kallast ein studie av den ”sosiale kapitalen” i bygdesamfunna i dei to landa.
Studien vert gjennomførd som eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og det nasjonale polske instituttet for landbruks- og matøkonomi (IAFE –NRI/ Institute of Agricultural and Food Economics - National Research Institute) i Warszawa.
Prosjektansvarleg på norsk side er professor Oddbjørn Bukve ved HSF. Han leier høgskulen si forskingsgruppe innan organisasjon og leiing. Prosjektansvarleg på polsk side, og den som gjennomfører spørjeskjemaundersøkinga, er forskar Pawel Chmielinski. Han er forskar ved Regionalpolitisk avdeling i IAFE-NRI. Chmielinski har no eit halvt års opphald som gjesteforskar ved HSF, og bruker opphaldet sitt på å gjennomføre det omtalte forskingsprosjektet.


Vedtak
Grunnleggande opplysningar vert fylt inn i skjema. I tillegg vert det sendt link til den omfattande spørjeundersøkinga som blei utført i 1998. Eide tek seg av dette.

Gå til nyhendearkiv