Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Sanitetsforening - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmelding i Kjølsdalen Sanitetsforening

Årsmelding for Kjølsdalen Sanitetsforening
Årsmelding 2010
Kjølsdalen Sanitetsforening

Kjølsdalen Sanitetsforening har i 2010 hatt eit aktivt år. Også i år har omtanke i nærmiljøet vore eit av dei viktigaste arbeidsområda våra. Sanitetsforeninga har hatt 8 styremøte og 5 medlemsmøter, i tillegg har kvar arbeidsgruppe hatt sine arbeidsmøter. (turnemnd, eldretreff nemnd o.s.v.)
Vi hadde 48 medlemmar i 2010.

I styret har vore fyljande:
Oddrun Erviksæter – leiar
Martha Hopland – nestleiar
Styremedlemar: Janne Midthjell, Jorunn Breiteig og Karen Merete Bruland.
Varamedlemar: Oddrun Telvik, Kirsten Kjøllesdal og Astri Elvebakke.
Kasserar: Jorunn Breiteig

# I februar lagde vi fastlavnsris som vi selde i krinsen. Det var frå 2010 sett fast pris for heile landet Kr.50,- pr. ris.

# 17. mars var Oddrun Erviksæter med på eit møte som Folk og Forsvar hadde på Nordfjordeid. Tema : ”Samfunnssikkerhet og beredskap”.

# Samarbeidsavtale for Eid og Kjølsdalen sanitetsforeningar om omsorgsberedskap blei utarbeidd og godkjent i 2008. Vi hadde i 2010 eit fellesmøte og i tillegg har vår foreining hatt møte.

# På fylkesårsmøtet 2009 fekk foreninga vår tildelt kr. 17000,- frå Solfondet. Vi har kjøpt inn 2 stk. skinnsofaer og eit glasskap pluss kjøkkenutstyr til Kirsebærhagen for desse pengane som avtalt i søknad.

#Onsdagsturar i skog og mark 2010
Kjølsdalen sanitetsforening har i 15 år arrangert onsdagsturar. Vi har lagt opp til mange ulike turar og prøver å få til noko for alle aldersgrupper. I år blei det arrangert og gått 15 turar.
I juli var vi med å arrangere søndagstur med Barnas Turlag frå Eid.

# Bygdedagar
I juli var det arrangert bygdedagar for Kjølsdalen krins. Saniteten var her med å stille ut gamle foto frå krinsen(fotoutstilling i samfunnshuset). Vi hadde tur Ervik-Sporen-Gilleshammer og tilbake til Kirsebærhagen der det var ope hus med ettermiddagskaffi og sveler. I tillegg bakte vi kaker til sal på skulen.

# Eldrekomiteen har skipa til 2 eldretreff pluss julebord. I år var julebordet i Kirsebærhagen. På menyen var det julemiddag kaffi og kaker. Vi hadde ein fin ettermiddag i lag.

# I sanitetens veke serverte vi lunsj på Kjølsdalen skule og Reksnes barnehage. Vi hadde grove rundstykke, sunt pålegg, frukt og grønsaker. Det er 18 år sidan vi starta opp med dette tiltaket og det er framleis like kjekt..

# Utenlandstur.
I år gjekk turen til Stockholm og Ålandsøyane. Vi var heldige med veret og hadde fin og vellukka tur. Turen var i perioden 29. mai til 5. juni.

# Vi har også i år vore delteke på kreftkafe på Fabrikken på Nordfjordeid. Tema der er oppfølging av pasientar med kreftdiagnoser og fokus på lindrande behandling. Saniteten stiler her med kaffimat.

# I månadsskifte oktober november var det baking av lefse, Dette er eit stort arbeid som blir gjort kvart år. Vi bakar vanlege lefse og fiskelefse. I tillegg natronkake, aniskringle og diverse småkaker som vi selde på basar/matmesse søndag 21. november. Vi sat på Mega i fire dagar før basaren og selde lodd så dette var vel med på at vi fekk eit svert godt resultat.
Til underhaldning på basaren hadde vi D-koret frå Hjelle. I tillegg til eigen stand var det i kjellaren sal av kjøttprodukt og eple. På menyen var det sal av betasuppe kaffi og kaker. Det var mykje folk på basaren.

# Av inntekter til drift i laget hadde vi medlemskontingent, sal av fastelavnsris, og ymse loddsal. Turen til Stockholm og Ålandsøyane gjekk med overskudd.

# I 2010 overførte vi kr.31836.- til stiftinga Kirsebærhagen Dette er ein årleg sum som vi har forplikta oss til. Økonomien i laget er god. I tillegg kom bet.av straumutgifter fellesareal og nedbetaling av N.K.S. lån
# Til jul gav vi blomster til sjukehuset, eldretunet og sjukeheimen. I tillegg har vi gitt blomster/gåver til eldre i høve runde dagar, og pengegåve til kvinnemedisinsk forsking, revmatologi, barn og unge , vår lokale avis Tavla, ullpledd til sauesankarhytta, ballbinge ved Kjølsdalen skule og ny oppvaskmaskin i Kirsebærhagen.

# Kjølsdalen Sanitetsforening nyttar Kirsebærhagen til møtelokale. Vi stiller opp med dugnadsinnsats i høve utleige av rom/leiligheter pluss anna forfallande arbeid.

# Kjølsdalen Sanitetsforening takkar alle som på ulike måtar har støtta oss i arbeidet i 2010. Og vi ynskjer sjølvsagt å få fleire medlemmer.

Helsing Kjølsdalen Sanitetsforening

Gå til nyhendearkiv