Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Krins Utviklingslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Referat frå styremøtet 21.02.2011

Av

På årsmøtet til KKUL greidde ein ikkje å velje leiar. Styret skulle etter fullmakt frå årsmøtet konstituere seg sjølv. På styremøtet 21.02.2011 vart Amund Sundal vald til leiar.
Amund Sundal
Vedtak
1. KKUL får følgjande styresamansetjing i 2011:

Leiar: Amund Sundal
Nestleiar: Wenche Stadheim
Sekretær: Helga Odden Reksnes
Styremedlem: Jan Snild Johansen
Styremedlem: Cato Albrigtsen

Les heile referatet på linken til KKUL -> om oss. Eller trykk på overskrifta.

Kjølsdalen Krins Utviklingslag
Styremøte 21. februar 2011, kl. 2000 – 2130 på Bygdekontoret

Desse møtte: Amund Sundal, Wenche Stadheim, Amund Sundal, Cato Albrigtsen, Øystein Leite, Helga Odden Reksnes (ref)

Ved en feil var ikkje Jan Snild Johansen innkalla til møte. Dette blei oppklart per tlf. under møte.


Referat


1. Konstituering av styret.
Styret diskuterte fordeling av verv. Det er ynskjeleg å jobbe som eit team, dvs at kvart styremedlem tek delansvar ut frå kompetanse og engasjement.

Vedtak
1. KKUL får følgjande styresamansetjing i 2011:

Leiar: Amund Sundal
Nestleiar: Wenche Stadheim
Sekretær: Helga Odden Reksnes
Styremedlem: Jan Snild Johansen
Styremedlem: Cato Albrigtsen

2. Kasserarfunksjonen løysast som i 2010 ved kjøp av tenestar frå Kjell Sundal.

3. Leiar får kr. 5000,- som kompensasjon for arbeid knytt til leiarvervet.

4. Styret ynskjer å vidareføre rutinen med at alle vararepresentantar innkallast til styremøta og vonar at mange vil prioritere KKUL-arbeid i 2011.

2. Valnemnd 2011.
Årsmøte valde to representantar til ny valnemnd. Styret skulle finne en tredje. Stig Arne Bugjerde er førespurd og har sagt seg villig til å stille.

Vedtak
Stig Arne Bugjerde blir vald til 3. medlem av velnemnda.

3. Drifting av nettside www.kjolsdalenkrins.no
Stadheim orienterte. Jan Eide har sagt seg villig til å fortsette å publisere stoff av relevans for krinsen henta frå andre kjelder. Det er viktig å halde oppe aktiviteten på nettsidene. Mange nyttar nettsstaden som nyheitskjelde.

Vedtak
1. Jan Eide engasjerast av styret til å drifte laget si nettside i samarbeid med styret. Han får kr. 5000,- i kompensasjon for arbeid knytt til nettsida.

2. Wenche Stadheim blir webkontakt i styret. Alt styrestoff som skal publiserast på www.kjolsdalenkrins.no koordinerast av henne.


4. Utlegg i samband med Lysprosjektet
Stadheim orienterte. Ho har hatt administrative kostnadar i samband med gatelysprosjektet. Styret var einige om at Stadheim skal kompenserast i tråd med dokumenterte utlegg.

Vedtak
Wenche Stadheim kompenserast med kr. 8.320,- for administrative utlegg (køyring, telefon, rekvisita, ferje mm) i samband med gatelysprosjektet.

5. Merking av turløyper
Stadheim orienterte. Orientering om ny standard for merking og prosedyrar for utval av løyper frå Sogn og fjordane fylkeskommune er mottatt pr epost. Etter den nye ordninga skal det føreligge prioriteringar på kommunenivå som igjen skal koordinerast i regionen av destinasjonsselskapa. Nyleg blei det arrangert eit informasjonsmøte på Eid. Frist for innspel er i midten av mars.

Vedtak
Reksnes undersøker kven som deltok på informasjonsmøte 18.2. Viss ingen frå Kjølsdalen krins deltok, vil KKUL bidra til at krinsen melder inn aktuelle løyper innan fristen.

6. Drifting av gatelys
Stadheim orienterte. Alle lyspunkta er snart på plass. Spørsmålet om drifting må løysast. Det er naturleg å engasjere andre lag og organisasjonar i krinsen.

Vedtak
Så snart alle lyspunkta er montert inviterar Styret lag og organisasjonar i krinsen til felles møte for å drøfte korleis dei nye gatelysa i krinsen kan driftast på ein effektiv måte.

7. Gamle pølsefabrikken – idear til båtliv
Sundal og Leite orienterte. Eigarane av bygget ynskjer dialog med KKUl om betre utnytting av areal og bygg til glede og nytte for krinsen.

Vedtak
Eigarane av den gamle pølsefabrikken til neste styremøte for å orientere om idear knytt til bruk av bygg og uteareal.




NESTE STYREMØTE ER SØNDAG 13. MARS, KL. 1900

Gå til nyhendearkiv