Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Musikklag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Konsert med alle korpsa i Eid

Kjølsdalen musikklag samlar alle korpsa i Eid til vårkonsert i Operahuset Nordfjord søndag 10. april kl 17.00
 © Tormod Flatebø, Fjordabladet

Vårkonserten samlar alle dei fem skulekorpsa og to vaksenkorpsa i Eid. I tillegg deltek aspirantar og juniorar frå heile kommunen i Ungt korps.

Kjølsdalen musikklag bles i fjor liv i den tradisjonsrike mønstringa og har også i år invitert alle korpsmusikantane og drillarane i Eid til vårkonsert. Alle korpsa takka ja til invitasjonen og stiller i Operahuset Nordfjord komande søndag.

Ein time før konserten tek til opnar kafeen i foajeen. Også i pausen blir det høve til å nyte kaker, sveler, kaffi og brus, då kan ein også delta i vårblomsterlotteri.

Billettar kan ein kjøpe på www.operahuset.no eller Eid bibliotek. Billettpris barn 1 kr, vaksne 150 kr (+ 5 kr avg).

Marsjar, filmmusikk, pop, klassisk, folkemusikk, samba, norsk visepop og jazz med songsolist er noko av det dei åtte korpsa skal framføre på konserten. Det er med andre ord duka for ei svært variert musikalsk oppleving!

Også drillarane skal i aksjon på konserten. Nordfjordeid skulekorps og Stårheim skulekorps er dei som har drilltropp i Eid, og dei stiller i svært god form etter nyleg flott deltaking i Nordvestmeisterskapen. I tillegg til drilltropp, blir det også drillsolo og -duett.

Mange korpsmusikantar skal sitje på scena i Operahuset for aller første gong komande søndag. Ungt korps er sett saman av aspirantar, juniorar og støttespelarar frå alle korpsa i kommunen. Under leiing av Tryggve Dyrvik skal dei framføre fire nummer på vårkonserten.

Dyrvik skal også dirigere Kjølsdalen skulemusikk. Dei andre dirigentane på konserten er Unn Elin Carlsen (Haugen, Nordfjordeid og Eid), Eldri Rimmereid (Stårheim), Helge Rønnekleiv (Hjelle) og Michael Pavelich (Kjølsdalen musikklag).

Medverkande på vårkonserten 2011:
Ungt korps
Haugen skulemusikk
Hjelle skulemusikk
Kjølsdalen skulemusikk
Nordfjordeid skulekorps og drill
Stårheim skulekorps og drill
Eid musikklag
Kjølsdalen musikklag

Kjølsdalen musikklag si heimeside

Gå til nyhendearkiv