Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Sanitetsforening - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Bryggja og Kjølsdalen sanitetsforening på onsdagstur 1.juni

frå Verpeide til Vemålsvik i Almenningen

Av J.Breiteig

Onsdag 1. juni arrangerte sanitetsforeningane på Bryggja og Kjølsdalen felles onsdagstur. Vi køyrde til Verpeide og parkerte bilane. Kjellaug Heggelund var turleiar og viste veg over fjellet til Vemålsvik. Det var regn og kuling. Vi var godt kledde og skodde og humøret var på topp. Det var fin rås og terrenget er vakkert i dette nydelege kystlandskapet. Tilbake gjekk vi på vegen. Vi reiser snart tilbake, for vi vil sjå korleis der ser ut i fineveret.

Onsdagtur, Utover fjellet frå Verpeide
Onsdagtur, Utover fjellet frå Verpeide

Onsdagtur, stor stein vi kunne stå under
Onsdagtur, stor stein vi kunne stå under

Vi var 11 damer og 1 barn på turen mot Vemmelsvik
Vi var 11 damer og 1 barn på turen mot Vemmelsvik
Gunvor Svoren, Marit Nore Sørhaug, Ruth Kassen, Liv Midtbø, Aud Hessevik, Karin Lefdal, Randi Husevåg, Randi Solibakke, Kjellaug Heggelund, Astri Elvebakke, Bergljot Elvebakke og Jorunn Breiteig


Onsdagtur, her står vi ved vikavatnet
Onsdagtur, her står vi ved vikavatnet

Onsdagtur, nedstiging mot Vemmelsvik, fin gamal skuleveg
Onsdagtur, nedstiging mot Vemmelsvik, fin gamal skuleveg

Onsdagtur, her ser vi ned mot bilvegen i Vemmelsvika og utover fjorden
Onsdagtur, her ser vi ned mot bilvegen i Vemmelsvika og utover fjorden

Onsdagturen gjekk vidare innatt bilvegen til Almenningen forbi Angelshaug
Onsdagturen gjekk vidare innatt bilvegen til Almenningen forbi Angelshaug




Gå til nyhendearkiv