Kjølsdalen krins

Kjølsdalen Bygdekvinnelag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

HAVREBOLLAR


Bygdekvinnelaget tek for seg mat laga av havre dette året. Vi vil legge ut ei ny oppskrift med havre kvar månad.
Havre er sunt - så prøv oppskriftene!

GROVE BOLLAR MED HAVREGRYN OG ROSIN
• 6 dl melk
• 150 g smør
• 1 pk gjær
• 800 g kveitemjøl
• 200 g lettkokte havregryn
• 1 ½ dl sukker
• 2 ts malt kardemomme
• 3 dl rosiner
• 1 stk egg til pensling
• havregryn til pynt

Smelt smøret og ha i melka. Rør gjær ut i den lunka blandinga. Elt i mjøl og havregryn blanda med sukker og kardemomme. Ha eventuelt i meir mjøl til deigen sleppe bollen. Hev deiga under plast på ein lun stad til dobbelt størrelse, ca. 40 minutt.

Del deiga i 24 like store deler. Ha i rosiner og trill runde bollar. Sett bollane på ei steikeplate dekt med bakepapir og sett dei til heving i ca. 20-30 minutt. Pensle bollane med egg og dryss på havregryn.

Steik dei midt i ovnen ved 225 °C i 5–10 min. Avkjølast på rist.

Gå til nyhendearkiv